Sport | 14. juni 2012

22 kilometer i terreng

Continental Cup: Frå 8-åringar til elitesyklistar, i går var det flat pedal over grus og gjørme på Ulven.

22 kilometer i terreng
I fint driv ved Ulvenvatnet. (Foto: Torbjørn Helgesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. juni 2012 08:59

Frå testkjøring i 2010 gjekk det vidare til første MTB-ritt i Os i juni 2011. I år har cupen fått ny sponsor og nytt namn og Ulven MTB på Os blei første av fem rundar i årets Continental Cup.

– Vi er heldige som får låna Os MC & MX klubb sin bane ved Ulvenvatnet, rittet i går gjekk veldig fint, seier Leif Erik Garvik frå CK Henie.

Les òg: Vellukka offroad på Ulven

Continental gav flotte premiar og stilte i tillegg sterkt med eigen bil, bannarar og ein stand som gav rittet ei fin ramme.

– Continental Cup er open for alle som liker å sykla i terreng, også dei som ikkje er medlem i klubb. Då er det berre til å kjøpa eingongslisens ved start, så forsikring er i orden, og så er det å kasta seg seg på sykkelen.

Frå nybyrjarar til elite

Det var nærmare 40 deltakarar i første runde i Continental Cup, og deltakarane var frå ung rekrutt til vaksne syklistar, nybyrjarar og eliteutøvarar.

– Otto Eikeseth og Joachim Jordan frå Fana IL, som tok 1. og 2. plassen i eliteklassen, kjører begge noregscup i MTB.

– På 3. plass kom Espen Johnsen frå Sportspartner AS, Espen er mange gongar noregsmeister i downhill og er tydelegvis også sterk bortover i terrenget, seier Garvik.

Samund Nordang, som blei raskaste osing på Bergen-Voss, var også raskast frå CK Henie i sportsklassen under MTB Ulven.

22,4 km på under 1 time

1 time syklling i terreng i eitt strekk er ein krevjande tur.

Løypa går gjennom motocrossløypa, ei sløyfe opp mot Os vgs og ei sløyfe bort mot Ulven og tilbake.

Løypa er 2,8 kilometer lang. Dei yngste sykla 2 rundar i ei kortare løype på rundt 1 km, ungdomen sykla i den 2,8 km lange løypa, 2, 3 eller 4 rundar, avhengig av alder.

Dei vaksne i sportsklassen sykla 6 rundar, elitesyklistane 8, altså 22,4 kilometer opp og ned i terreng.

Sjå òg
Midtsiden samleside: Sykling

RESULTATLISTE

G10 rekrutt - 2 rundar, kort løype
Andreas Brattebø (CK Henie) 05:47
Christian Flint Haugland (CK Henie) 06:25
Espen Hauge (CK Henie) 06:54
Henrik GD Sundøy (CK Henie) 05:26
Tobias Utne (Åsane CK) 05:06

J10 rekrutt - 2 rundar, kort løype
Amanda Frederich (Fana IL) 06:09

G11 - 2 rundar, kort løype
Tinius Kittelsen (CK Henie) 04:53

J11 - 2 rundar, kort løype
Maren Skogen (CK Henie) 04:53

G13/14 - 2 rundar/5,6 km
1. Vetle Chyba Norstad (CK Henie) 19:50
2. Bjørn Helgesen (CK Henie) 20:08

J13/14 - 3 rundar/8,4 km
Eva Charlotte Eiking (BCK) 30:00

G15/16 - 4 rundar/11,2 km
Magnus Jønsson (Fana IL) 39:28:00

Kvinner elite - 6 rundar/16,8 km
Andrea Eugster (Fløyen MTB) 55:49:00

Menn elite - 8 rundar/22,4 km
1. Otto Eikeseth (Fana IL) 55:48:00
2. Joachim Jordan (Fana IL) 55:56:00
3. Espen Johnsen (Sportspartner AS) 57:47:00
4. Runar Brøste (BCK) 59:59:00
5. Ørjan Nordtveit (Hardanger CK) 1:03:46

Menn 17-39 år - SPORT - 6 rundar/16,8 km
1. Andreas Corneliussen (Sportspartner AS) 44:26:00
2. Samund Nordang (CK Henie) 44:52:00
3. Ole J. Sølberg (CK Henie) 46:57:00
4. Jørgen Rydheim (BCK) 47:05:00
5. Eivind Skaftå (CK Henie) 47:13:00
6. Benjamin Meduza (BCK) 51:55:00
7. Justin Reeves (Fløyen MTB) 53:18:00

Menn 40+ - SPORT - 6 rundar/16,8 km
1. Karl Johan Watne (BCK) 43:45:00
2. Ragnar Aasgaard (Framo) 45:00:00
3. Mattias Øvreeide (Fana IL) 46:20:00
4. Tor Audun Kleppe (Bergen brannvesen) 47:12:00
5. Leif Erik Garvik (CK Henie) 47:46:00
6. Lars Engeberg (BCK) 48:29:00
7. Hans Jørgen Wiborg (BCK) 48:40:00
8. Per Kristian Greve (Orkla CK) 49:37:00
9. Geir Erik Myrvold (Åsane CK) 51:58:00
10. Kjetil Haugland (Statoil) 53:06:00
11. Ronny Smistad (Bergen brannvesen) 57:10:00

Kvinner 40+ - SPORT - 6 rundar/16,8 km
Cecilie Thiis (BCK) 52:34:00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.