Kultur | 03. apr. 2019

248 ungdommar frå heile fylket inntek Oseana

Til helga er det klart for UKM fylkesfestival - denne gongen er Os vertskap.

248 ungdommar frå heile fylket inntek Oseana
Til helga kjem 248 ungdommar til Os for å delta på UKM-fylkesfestival. Joakim Austrått Kristensen er èin av dei som skal representera Os under festivalen. (Foto: KOG)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 03. apr. 2019 19:03

Sist Os og Oseana var arena for ei UKM fylkesmønstring var i 2013.

No heiter det fylkesfestival, og etter fleire år på USF Verftet i Bergen, og seinast kulturhuset på Husnes i fjor, er det no klart for eit kulturelt storinnrykk til helga.

For nokre veker sidan sidan gjekk den lokale UKM-mønstringa av stabelen i samfunnshuset i Eikelandsfjorden.

Mønstringa vart historisk då dette var siste gongen at Os og Fusa sender vidare deltakarar til fylkesfestivalen med kvar si kvote.

Les òg: Desse er klare for fylkesfestivalen.

Scene, film, utstilling, konferansier, UA og media

Ansvarleg for festivalen, Marianne Ose Askvik frå Hordaland Fylkeskommune, fortel at det er venta 248 ungdommar frå nesten samtlege kommunar i Hordaland.

– Det er nokre få kommunar som ikkje arrangerer lokalmønstring, men til helga er 28 av kommunane i Hordaland på representert i Oseana.

Desse ungdommane fordeler seg vidare til ulike kategoriar:

• 178 deltek i «scene» (musikk, dans, teater)

• 8 deltek i «film»

• 33 deltek på «utstilling»

• 8 deltek som «konferansier»

• 23 deltek som «UA» (Unge arrangører)

• 13 som deltek under «media».

Vert strøyma - men ser gjerne lokalt publikum

Heile festivalen strekk seg over tre fullpakka dagar.

Fredagen går med til å rigga alt til, og i løpet av laurdagen og søndagen vil heile fem framsyningar gå av stabelen.

Askvik fortel at du kan følgja festivalen på nett, om du ikkje rekk ta turen til Oseana;

– Alle dei fem framsyningane er open for publikum, og vi håpar verkeleg at osingane tek turen innom for å sjå på alt det flotte ungdommane har å visa fram. På festivalen kan publikum få oppleva unge og kreative sjeler som boblar av energi - og var det ikkje nettopp i UKM-samanheng at Eirik Søfteland og Aurora fekk sin start?

Askvik fortel at heile festivalen vert strøymd på ukm.no ved hjelp av eit eige tv-team. Desse vil òg leggja ut videoar av samtlege innslag, slik at helga er bevart for framtida.

Tek i bruk fleire lokale i Os

I tillegg til å fylla Oseana kjem festivalen til å ta bruk Vognhallen og Os gymnas, både til sosiale aktivitetar og til overnatting for deltakarane.

– Dei unge arrangørane våre har verkeleg vore kreative i år, og det vil bli mange sosiale aktivitetar for deltakarane som kjem til Os. Osingane vil nok få merka at UKM gjer storinnrykk i Os i helga, avsluttar Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.