Politi | 01. sep. 2022

25 tatt i 4 kontrollar

UP og lokalt politiet har vore ivrige i trafikken det siste døgnet.

25 tatt i 4 kontrollar
Dei er godt skjulte, politiet, når dei står ved kyrkjegarden på Skeie med laser retning Irgenskrysset, som i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. sep. 2022 07:50

Uutrykningspolitiet har hatt fire trafikkontrollar i Os det siste døgnet. Lokal patrulje har vore med på to av dei.

Onsdag klokka 08.10 sto dei nord for Os sentrum.

Resultat: Eitt forenkla forelegg for bruk av mobiltelefon (7.450 kroner og tre prikkar på førarkortet) og eitt forelegg på 2.300 kroner for å køyra i 56 km/t i 50-sona.

I 10.30-tida sto dei på Nore Neset, ifølgje vitne på Skeisflaten ved kyrkjegarden og målte trafikk i 50-sona frå Strønevegen/Ulvenvegen retning skulane og idrettsplassen.

Resultat: 8 forenkla forelegg for fart, der høgaste målte fart var 64 km/t i 50-sona (4.150 kroner og to prikkar) og to forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon.

I 13.15-tida sto UP åleine på E39 Halhjemsvegen.

Resultat: 7 forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 83 km/t i 70-sona (3.700 kroner og to prikkar).

Torsdag morgon rundt klokka 07.45 hadde UP fartskontroll på Hegglandsdalsvegen ved Borgafjellet barneskule.

Resultat: 6 forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 69 km/t i 50-sona (6.000 kroner og tre prikkar).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.