Næringsliv | 13. jan. 2019

29 konkursar og tvangsavviklingar i Os i 2018

– Aldri kjekt for dei det gjeld, seier næringskonsulent, Jon Sivert Rykkel.

29 konkursar og tvangsavviklingar i Os i 2018
Næringskonsulent Jon Sivert Rykkel. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 13. jan. 2019 10:01

Midtsiden har henta ut 2018-tala frå foretaksregisteret.

Her les vi at i 2018 var det 25 reine konkursopningar og fem tvangsoppløysingar.

Tala for kunngjeringar om tvangsoppløysing og varsel om innstilling/avvikling av bubehandling er ikkje teke med. Tala gjeld både firma registrert som aksjeselskap og enkeltmannsføretak.

– Feil om talet var null

I 2017 såg Os ei auke frå 18 til 29 konkursar i høve til 2016. Då sa nyleg avtroppa næringssjef i Os, Daniel Skotheim, at det truleg handla om naturlege justeringar.

Næringskonsulent Jon Sivert Rykkel seier i ein kommentar til Midtsiden at 2018-tala sett frå eit overordna perspektiv er som venta.

– Eg registrerer at tala er stabile. Det er mange nyetableringar i kommunen for tida. Det vil alltid vera slik at nokon ikkje klarar seg. Eg vil understraka at eg har den største respekt for dei som prøver å å etablera seg. Det er ikkje kjekt når det ikkje går slik ein ønskjer, men eg vil oppmoda til å prøva på nytt.

– Er det eit realistisk mål å venta null konkursar?

– Nei. Dess lågare, dess betre, sjølvsagt, men hadde talet vore null, ville dette betydd at aktiviteten i næringslivet var for låg.

Tverrsnitt av samfunnet

Rykkel fortel at det er ingen spesielle næringar som skil seg ut i statistikken.

– I første kvartal 2018 var det registrert 598 selskap i Os kommune, og statistikken viser at avviklingane er å finna i alle typar næring.

– Det vert bygd mykje i kommunen om dagen, så ein del innan dette segmentet finn ein sjølvsagt. Elles ser ein avviklingar innan helse og velvære, og innan handel er det ingen geografiske område som skil seg seg ut.

165 nye selskap

Mens 29 måtte kasta inn handkledet blei det etablert 165 nye firma i Os i fjor.

• Sjå liste på brreg.no

I NHO sitt kommune-NM 2018 kom Os kommune på 36. plass av 422 kommunar innan næringsliv.

• Sjå topp 100-liste: Desse selskapa i Os vaks mest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.