Sport | 16. juni 2010

3. plass rundt Stord

Éin båt frå Os Seilforenings stilte til start i Os Rundt. Skoglund og Tina for II gjorde god figur.

3. plass rundt Stord
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. juni 2010 09:28


Tina for II var den eineste båten frå Os Seilforening som deltok på Bergens Seilforening sin tradisjonsrike Stord Rundt.

Seglasen starta fredag kveld frå ”Bjelkarøyosen” ved Hjellestad og gjekk på vestsida av Stord til mål ved Leirvik ein gong ut på natta eller morgonen laurdag.

- Det blei en frisk seglas med spinnaker på turen sørover. Vi logga 10,9 knop på det meste nedover Korsfjorden og inn i Bjørnefjorden, fortel rormann Svein Skoglund.

Tina for II brukte 6 timar, 4 minutt og 50 sekund på seglasen. Korrigert til lystall 1,16 blei dette 07:03:12.

Seglasen nordover igjen er ein kombinasjon mellom Stord Rundt og Sunnhordlands Race, med start Leirvik og mål i Bekkjarviksundet.

- Det var lite vind frå start i Leirvik, men det friska etter kvart på og blei ein fin seglas under skyfri himmel.

Tina for II brukte 5:03:48 (korrigert 05:52:24) på returen, noko som heldt til 2. plass i klassen.

- Samanlagt "over all" for sørgående og nordgående løp blei det ein fin 3. plass av 38 fullførende båter.

Fullstendige resultatlister: www.bergens-seilforening.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.