Sport | 02. feb. 2017

34 meistrar fekk medaljen sin

Kretsmeistrane heidra i klubbhuset: – Det er lenge sidan sist Os hadde meistrar i G16, og svært sjeldan at Hordaland krets deler ut medalje til så mange.

34 meistrar fekk medaljen sin
Os G16 brukte heile 34 spelarar i minst 3 kampar slik at det blei uvanleg mange som blei kretsmeistrar, 24 år etter sist Os vann G16-klassen i 1. divisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. feb. 2017 11:11

Bildeserie:

34 medaljar låg klare i klubbhuset i går. (Foto: KVB)
34 medaljar låg klare i klubbhuset i går. (Foto: KVB)
Lohne Sæle og Skeie heldt tale til gutane. (Foto: KVB)
Lohne Sæle og Skeie heldt tale til gutane. (Foto: KVB)
KM-tittelen var sikra i oktober, i går var det premieutdeling og pizza. (Foto: KVB)
KM-tittelen var sikra i oktober, i går var det premieutdeling og pizza. (Foto: KVB)
Trenarar og tidlegare trenarar. (Foto: KVB)
Trenarar og tidlegare trenarar. (Foto: KVB)
Keeper-Kay var første som blei ropt opp. (Foto: KVB)
Keeper-Kay var første som blei ropt opp. (Foto: KVB)
F.v.: Steffen, Marcus, Tobias og Marius fekk pris. (Foto: KVB)
F.v.: Steffen, Marcus, Tobias og Marius fekk pris. (Foto: KVB)
1 av 6

Os G16-stallen: Kay-Milan Goitovski, Marius Lyssand, Vegard Strønen Skeie, Trym Hjørnevik, Bjørnar Straumsnes, Markus Lund Valvik, Alexander Mjånes Tøssebro, Tobias Nøss, Steffen Kvamsdal, Ludvig Egge Drange, Jørgen Kuven, Daniel Bjørnevik, Markus Myrlid, Sondre J Nystad, Harry Moore, Ole Martin Kolskogen, Fredrik Laugen, Christoffer Eikås, Simen Heggland, Even Hilland Lærum, Casper Maltun, Emre Durvaci, Trygve Bjørnevik, Kristoffer Røttingen, Karel Bezucha, Thomas Vivås Håvardstun, Sebastian Buczynski, Oscar Fimreite, Henrik Blindheim Skjælaaen, Sharbell Hawill, Fredrik Sivertsen, Stein Inge Andersland, Elias Heggland Myrlid, Håvard Leonsen og Snorre Tønnesen Brekke.

Torsdag, 27. oktober, ein regntung haustdag, éin runde før slutt, sikra Os gutar 16 kretsmeistertittelen med 7-3-siger over Fana.

Sjå video av alle skåringane og les meir om kampen.

Blant trenarane, og tidlegare trenarar som var med på feiringa, er det to kretsmeistrar, Jan Frode Skeie blei kretsmeister som smågut i 1983, same år som Kjell Kolskogen blei kretsmeister som G16.

Tim Henrik Sperrevik (fødd 1976) og kameratane blei kretsmeistrar som gutespelarar (og som smågutar og junior) tidleg på 90-talet, og dette er truleg sist Os hadde kretsmeistrar i G16.

Uvanleg mange på førstelaget

Då det som var dagens tropp mot Fana kunne sleppa jubelen laus sat det fleire medspelarar på tribunen - som òg hadde vore viktige brikker i den sterke sesongen.

– I stallen har vi hatt 36 spelarar, rundt 2/3 frå 2000-årgangen, ein god del frå 2001 og 3 talent frå 2002. Inkludert blant dei 36 er 2 spelarar frå Os 2 og Ole Martin Kolskogen (fødd 2001) frå A-stallen, fortel hovudtrenar Frode Lohne Sæle.

– Vi har fått tilbakemlding frå Hordaland fotballkrets at det er sjeldan at eit lag som blir kretsmeister har brukt så mange som 34 spelarar. Dei to andre hadde to kampar, og grunna sjukdom eller anna tilfeldig, dessverre mangla éin på å bli kretsmeister. Vi ser dei likevel som meistrar dei òg.

Sjølvgåande - med sjølvtillit

Onsdag kveld var gutane samla i klubbhuset for å få overrekt medaljane. Samtidig fortalte trenar Frode Lohne Sæle og sportssjef Jan Frode Skeie om kva som kjenneteikner den store, talentfulle gutegjengen.

– Vi får høyra frå motstandarlag at dei synest det er vanskeleg å møta Os, det er som om dei speler mot 12-13 gutar. De er ein gjeng med svært arbeidsvillige gutar, her er det guts, vilje og gode haldningar.

– I starten verka det som om de ikkje sjølv trudde at de var så gode, men utover i sesongen har sjølvtilliten kome meir og meir, og de har òg blitt meir sjølvgåande. Vi trenarar har kunna tatt eit steg tilbake og sett på at fleire leiartypar på banen har tatt ansvar og styring. Det er kjekt å sjå.

Steffen Kvamsdal kåra til årets spelar

I tillegg til meistermedaljane hadde trenarane fire pokalar å dela ut internt.

Mest framgangsrike spelar: Tobias Nøss
Sliteren (arbeidsjernet): Marius Een Lyssand
Årets toppskårar: Markus Heggland Myrlid
Årets spelar: Steffen Kvamsdal

Midtbanespelar Kvamsdal fekk ros for enorm innsats, for alltid å gjera seg spelbar og for å legga bak seg ei imponerande mengde meter i løpet av kvar kamp.

– Eg møter alltid på trening og prøver å trena ein del utanom,mest styrke, men òg litt med ball, seier Steffen til Midtsiden.

Han er no tatt opp i Os 2 stallen og speler som førsteårsjunior med dei beste juniorane i klubben. Han har òg vore i trening med A-laget.

– Det er andre trenarar og mykje nytt, men eg føler meg velkomen og synest dei eldre spelarane har tatt godt imot oss yngre.

– Det er NO det er tid for å skilja seg ut

Sportsleg leiar Skeie fortalte om det som var starten på denne årgangen sin veg mot dei beste på Vestlandet - alliansetreningane då dei var 11-12 år.

– Den gong sa vi at det var opp til dykk sjølv kor god de vil bli, og alle her har vore flinke til å ta ansvar for eigen framgang.

– Det same gjeld no òg, det er opp til kvar enkelt. Alle her kan nå langt, men det er frå no av at de verkeleg kan visa, éin og éin, kor langt og kor høgt nivå de ønskjer å nå.

2000-årgangen går no opp til Os 2 (senior) og G19. 2001-årgangen blir dei eldste på G16, og får selskap av resten av 2002-kullet.

– Nytt i år er skilje mellom G16 og G15, men 2002-årgangen er stor, så vi får første- og andrelag på begge nivå så vi får gjeve kvar spelar ein god arena for både utvikling og meistring, seier Lohne Sæle også i sesongen som kjem.

• Les òg: Kretsmeistrane vann Haugesund Cup

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.