Lokal | 18. feb. 2016

35 minutt frå Moberg til Søfteland?

Ein Midtsiden-lesar reagerer kraftig på responstida i samband med brannen på Søfteland i førre veke. – Eit stort avvik på 110-sentralen, forklarer Gjøsund.

35 minutt frå Moberg til Søfteland?
Stein Gjøsund forklarer årsaka til den reduserte utrykkinga til brannen på Søfteland. (Foto: Kjetil Bruarøy/Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. feb. 2016 15:07

Klokka 03.15 natt til torsdag 11. februar blei det varsla om brann i ein bustad på Søfteland. To personar og to hundar kom seg ut, men bustaden blei totalskadd.

– Det tok 20 minutt før det kom ein einsleg brannmann til staden og 30 minutt før tankbilen kom. Kva er dette for responstid? Brannvesenet har forårsaka tap av uerstattelege minne og verdiar for millionar av kroner, skriv ein Midtsiden-lesar i eit anonymt brev til redaksjonen.

– Både politi og ambulanse kom raskt til staden. Sivile sto med hageslangar og spylte på huset. Dette er katastrofe, og det er berre flaks at ikkje brannen spreidde seg til nabohusa.

Ifølgje brannvesenet stemmer dette delvis. Klokka 03.33 kom ein einsleg brannmann til staden, utan sløkkeutstyr. Vaktlaget kom under eitt minutt etterpå og starta utlegg frå hydrant og sløkking. Men tankbil kom ikkje før etter over ein halvtime.

– Alvorleg avvik hos 110-sentralen

Når Midtsiden konfronterer brannsjef Stein Gjøsund med påstandane i brevet og spørsmål om responstid er det tydeleg at han er veldig klar over episoden.

– Den første alarmen som kom til oss var av lågaste grad (T1), full alarm blei ikkje slått før klokka 03.37! Dette førte til at berre vaktlaget rykte ut, ikkje heile styrken med fullt utstyr, forklarer Gjøsund.

– Vi har kortare responstid og stiller med langt meir utstyr når det er full alarm.

Menneskeleg svikt

Det er Bergen brannvesen som leiar 110-sentralen. Brannsjef i Bergen, Johnny Breivik, kjenner ikkje til avviket når Midtsiden tar kontakt, og viser oss vidare til leiaren for 110-sentralen, Jan Henning Fossedal.

– Det stemmer at vi hadde eit avvik. Årsaka var menneskeleg svikt. Vi skulle slått full alarm, i staden blei det ein liten alarm.

– Det betyr at det var færre i Os brannvesen som blei varsla, men vaktlaget fekk likefullt melding om bustadbrann og eg kan ikkje sjå korleis dette skal påverka responstida på vaktlaget, seier Fossedal.

Brannsjef Stein Gjøsund forklarer at forskjellen på dei to alarmane kan vera fleire avgjerande minutt.

– Ifølgje HMS-krav har vi ikkje lov å rykka ut med røykdykkarar før vi er minst fire mann. Ved full alarm har vi lågare responstid, då køyrer vi med éin gong alle fire er inne, uavhengig av om dei er del av vaktlaget eller ikkje, då er det dei som bur nærmast som kjem først.

– Vi stiller dessutan sterkare ute på staden, og kan køyra 3-4 stråler i staden for 1-2.

Fleire svake punkt i nytt system

Då alarmen gjekk klokka 03.15 om natta rykte varabrannsjef Arne Monsen ut med kommandobilen og var første brannmann på staden. Seinare kom vaktlaget på fem.

– Monsen veit ikkje om det er T1 eller T2, men reagerte då han nærma seg staden på at få i brannstyrken hadde kvittert for mottatt melding. Han forsto at det var slått T1 og ba sentralen senda ut full alarm, fortel Gjøsund.

– Nå du har kvittert for melding mottatt, og at du er på veg, så hamna dessutan systemet i slik modus at du ikkje kan motta nye meldingar. Ein eventuell T2 slår ikkje inn som alarm hos ein som er på veg til staden, berre til dei som ikkje frå før er varsla.

– Det går dessutan av og til 3-4 minutt frå melding kjem inn til 110 før alarmen går ut. Når vårt mannskap i tillegg bruker inntil maks 5 minutt på å koma seg inn på stasjonen, for så å bruka 3-4 minutt på å kle seg og rykka ut, framstår dei første 3-4 minutta inne på sentralen som unødvendig lang tid.

Fossedal seier 110-sentralen er svært nøgd med det nye nødnettet.

– Men vi har notert oss enkelte ting som kunne vore annleis. Eg veit berre om to avvik. Det kan vera alvorleg når det skjer, men det er få avvik i forhold til kor mange utrykningar vi samla sett har hatt sidan det nye nødnettet blei tatt i bruk.

God nok varslingsteneste?

Brannsjefen i Os har varsla sine overordna, kommunalsjef Nils Petter Borge, rådmann Christian Fotland og ordførar Terje Søviknes.

– Dei er mine arbeidsgjevarar. Eg orienterte dei umiddelbart om at her har skjedd avvik som eg vil følgja opp.

– Os kommune betalar 800.000 kroner for denne tenesta, som er lovpålagt, men som eg både ved dette og enkelte andre episodar ikkje er nøgd med, seier Gjøsund.

Han viser blant anna til at det ved seks drukningstilfelle dei siste åra, der redningsdykkarane frå Os har vore nærmast geografisk, ikkje har blitt varsla i Os. I staden er redningsdykkarar sendt frå Sandviken i Bergen.

– Minutt og sekund kan vera avgjerande når det er snakk om redning. Eg har full forståing for at folk reagerer på responstida på Søfteland, og er på vegne av dei som treng hjelp opptatt av best mogleg kvalitetssikring frå topp til botn når det kjem til varsling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.