Lokal | 28. aug. 2014

41 år med musikk for born

Bergljot Lyssand Bjørø har vekka musikkgleda hjå barn og unge gjennom 41 år, sist gjennom kulturskulen si «Musikk fra livets begynnelse»

41 år med musikk for born
Bergljot Lyssand Bjørø har sunge og tralla med og for born i meir enn 40 år (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. aug. 2014 09:24

Bildeserie:

Gjennom «Musikk fra livets begynnelse» stimulerast barna av musikk, song, rim og regler (foto: AH)
Gjennom «Musikk fra livets begynnelse» stimulerast barna av musikk, song, rim og regler (foto: AH)
1 av 1
Gjennom «Musikk fra livets begynnelse» stimulerast barna av musikk, song, rim og regler (foto: AH)

I 1973 starta den då nyutdanna musikkpedagogen musikkbarnehage to gonger i veka i Fjellheim. No 41 år seinare held ho det framleis gåande med å spre og skapa musikkglede blant dei yngste gjennom kulturskule-tilbodet «Musikk fra livets begynnelse»

– Det er så kjempespennande og givande.

– Det å sjå korleis dei små personlegheitane utvikar seg og korleis dei lar seg fengja av musikken er noko eg aldri blir lei, fortel Lyssand Bjørø.

Det gode samspelet

Då Midtsiden vitja kulturskulen tysdag var det fasinerande å sjå korleis trøyte og slitne smårollingar roa seg når Bjørø sette på musikken og byrja synga bånnsull.

– Denne gruppa er ei gruppe for førstegongsfødande som vi har saman med helsestasjonen og fysioterapaut.

– Vi vil læra dei vaksne å kommunisera med borna sine, og då er musikken ein god veg til kommunikasjon og samspel.

– Musikk og røysle til denne er godt både for foreldra og borna, smiler Lyssand Bjørø medan ho forklarar.

Fleire kjem att

I september starta ho opp dei "ordinære" gruppene gjennom kulturskulen.

– Vi har to grupper og framleis plass til fleire. Det er ei gruppe for barn frå 3 til 12 månader og ei frå eitt til tre år.

– Desse går over 13 veker. Noko eg ser er at fleire foreldre kjem att når dei får barn nummer to og tre.

– Når eg spør dei kvifor, så fortel det at dei vil at også dei nye borna skal få same opplevinga og gleda som eldstemann fekk.

Skapar nettverk

Ei positiv effekt av gruppene er at dei vaksne får møta andre i same situasjon noko som bidreg til å skapa tryggleik.

– Det er fleire som har kome i etterkant og fortalt at det var på desse kursa dei skapa eit nettverk i Os.

– Det er gjerne folk som har flytta til Os, og som ikkje kjente så mange frå før.

– Ein anna ting eg òg ser er at dei utvekslar erfaringar med det å ha barn. Korleis få dei til å eta, sova og lignande.

Styrkar utviklinga

«Musikk fra livets begynnelse» er eit konsept utvikla av musikkpedagogar over heile landet.

– Heile ideen byggjer på at musikken kan vera med å skapa gode relasjoner mellom barna og foreldra.

– Det har jo vore forska mykje på korleis musikken påvirkar utviklinga til borna. Det ein mellomanna ser er at gjennom musikken, songen, rytmene og bevegelsane aktiviserar både høgre og venstre hjernehalvdel.

– Noko som igjen er med å utviklar hjernen sin kapasitet til å læra, visa empati, samspel og språkutviklinga.

- Vi styrker rett og slett broane mellom dei forskjellige delane i hjernen, forklarar Lyssand Bjørø.

Treng ikkje synga

Sjølv om det er mykje sang og musikk er ho tydeleg på at foreldra ikkje må kunne synga for å vera med.

– Eg syng, så blir dei som vil og føler seg trygge på det med.

– Kvar samling har sine tema, og følgjer ein relativ fast mal kor vi byrjer med god dag-sangar som går att kvar gong.

– Det er ganske fasinerande å sjå kor fort barna kjenner dei att og byrjar å kommunisera med kvarandre.

– Vidare så har vi ein bolk med det eg har kalla stellebordsregler, kor vi leiker med song og regler som kan vera gode å ha når ein til dømes skal skifte bleie.

– Vi dansar litt, snurrer runt og beveger oss til songen og musikken før vi roar det heile ned mot slutten av samlingane.

– Ingen av gruppene er like. Eg er veldig opptatt av å føla meg fram slik at alle blir trygge og trivst.

– Musikk er magisk

Fortel den entusiastiske pedagogen.

– Eg lurar jo av og til på om det er oldtidsting eg held på med, med gamle barnesongar, rim, regler og bånnsullar.

– Men eg ser at ungane får så mykje igjen. Musikken er rett og slett eit magisk verktøy.

– Det har hendt at vi har vore på sjukeheimen og opptrådd.

– Der ser ein godt kor magisk musikken kan vera.

– Eg hugsar ein av bebuarane som var dement, men då vi byrja å synga på dei gamle songane vakna ho til liv, barnelærdomen var der, avsluttar Bergljot Lyssand Bjørø med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.