midtsiden

5 mål på 3 kampar

Laurdag skaffa han straffe og skåring for A-laget, måndag nikka han inn 3-0 for Os 2 og i kveld putta Ramo plenty i ny kamp for andrelaget.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag kom Ramo Racic innpå for Tim Henrik Sperrevik, skaffa straffe og nikka inn 5-0-målet mot Norheimsund for A-laget. Måndag spelte han for Os 2, og nikka inn nok eit mål i kampen mot Osterøy, som enda 4-0.

Fredag kveld skåra Ramo tre mål i snuoperasjon borte mot Trott.

Tok leiinga
Måndag starta Os 2 haustsesongen med å slå Osterøy 4-0. Tore Valvik skåra dei to første, medan Ramo auka til 3-0 etter pause og Sven Lyssand putta siste.

Fredag var det bortekamp mot Trott - og den starta litt trott.

- Måndag var det overkjøring, men i dag var vi litt passive i markeringane, så Trott kom til ein del sjansar, seier trenar Tore Nielsen.

Brørne Vegard og Børge Borgen sto stødig i midtforsvaret, og Børge gav Os 2 leiinga etter to minutt. Men så kom både utlikning og ny skåring av heimelaget.

- Ramo utlikna etter det som kanskje var årets beste angrep av Os 2. Brørne Tore og Espen Valvik fekk på strålande vis ballen fram til Ramo, seier Nielsen.

Heimelaget tok leiiga igjen før pause.

Vellukka justering
I pausen gjorde Os 2 nokre justeringar i forsvarsrekka, og heimelaget kom ifølgje Nielsen til svært får sjansar. Spennande blei det likevel.

Ramo utlikna igjen, og så sørgja Tore for 4-3-leiing. I 61. minutt blei det ny utlikning, men Ramo var ikkje ferdig med å skåra.

- Racic gav oss 5-4 før Erik Kanestrøm skåra 6-4-målet i 75. minutt. Stillinga heldt seg kampen ut, etter ein imponerande snuoperasjon mot ein litt vanskeleg motstandar, seier Nielsen.

Os 2 starta med desse spelarane i dag: Anders S. Strønen, Mats Lepsøe, Vegard Borgen, Børge Borgen, Baste Jonassen, Frode Buvik, Tore Valvik, Erik Kanestrøm, Espen Valvik, Sven Lyssand og Ramo Racic.

Daniel Vevatne kom inn for Espen Valvik i 2. omgang.

- Frode og Tore var saman med Ramo veldig gode i dag, det er godt å sjå korleis også desse etablerte spelarane leverer 100 prosent på andrelaget. Brørne Borgen var dessutan gode i midtforsvaret, og Erik Kanestrøm sluttar ikkje å imponera, oppsummerer Tore Nielsen.

Os 2 speler neste kamp på heimebane, 22. august mot Bremnes.

SJÅ TABELL

Fleire saker