Kultur | 27. feb. 2019

50 ungdomar klare for UKM

Har du gløymt å melda deg på, er fristen like om hjørnet.

50 ungdomar klare for UKM
På søndag går fristen ut for å melda seg på årets UKM. Her frå mønstringa i Oseana i 2018. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 27. feb. 2019 13:01

Årets UKM vert den sjuande i rekkja kor Os kommune og Fusa kommune samarbeider om arrangementet.

I januar fortalde arrangørane at dei såg fram til å halda mønstringa i den nye fleirbrukshallen i Fusa, Fjorden Arena. Grunna forseinkingar med å ferdigstilla hallen, er arrangementet flytta til Eikelandsfjorden samfunnshus.

Vangsnes fortel at flyttingen ikkje er ein drøymesituasjon, men han ser fram til ei god mønstring;

– Det er sjølvsagt surt at vi ikkje kom i mål med å landa arrangementet i den nye hallen. Vi valde vekk vekk Oseana i år, nettopp for å kunna ta bruk den nye hallen i Fusa. No vart det ikkje slik, men eg viss på at vi får til ei god mønstring uansett.

Jentene tek over?

Fire dagar før fristen for å melda seg på går ut, ser tala slik ut:

• Frå Os er det 22 personar påmeldt på 17 innslag

• Frå Fusa er det 28 personar påmeldt på 14 innslag

• Talet innslag i høve til 2018 held seg stabilt for osingane, men det er noko færre deltakarar

• Talet innslag i høve til 2018 er noko ned for fusingane, og det er noko færre deltakarar

• I Fusa er det 57,1 prosent jenter og 42,9 prosent gutar som har meldt seg på

• I Os er det 90,9 (!) prosent jenter, og 9,1 prosent gutar som har meldt seg på

Vangsnes tykkjer tala om kjønnsfordeling er interessant lesing, då spesielt for Os sin del;

– Her har det snudd heilt rundt med åra.

– Dette er nok resultatet av eit skifte kor dei tradisjonelle gute-banda har blitt færre, og vi ser fleire band med anten berre jenter, eller kor både gutar og jenter speler i band saman.

Ungdomane tek over

Vangsnes er ekstra nøgd med tala som syner at ungdomen melder seg på som «unge arrangørar».

– Dette fortel meg at vi har lukkast med å synleggjera at den beste UKM'en - den lagar ungdomen sjølv.

Vangsnes trekk òg fram det faktumet at ungdomen melder seg på i kategorien «konferansier».

– Tidlegare var det vanleg at ein av kultursjefane tok denne jobben, eller vi leigde inn ein ekstern person til å gjera jobben. Til mønstringa i år har vi tre påmelde - alle tre jenter.

– Elles er det kjekt å sjå at kategorien «kunst» held stand med åtte påmelde innslag, og skal vi tru påmeldingane dei siste åra, vil vi nok sjå ein del påmeldingar no i 12.time, avsluttar Vangsnes.

Du kan melda deg på UKM-lokalmønstringa fram til søndag kveld ved midnatt, og sjølve mønstringa går av stabelen i Eikelandsfjorden samfunnshus laurdag 9.mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.