Lokal | 26. mai 2010

50.000 til Nepal

Med loddsal, auksjon og sal av eigenprodusert bok blei Forut-festivalen i Espira Kuventræ svært inntektsbringande.

50.000 til Nepal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. mai 2010 21:19

Barnehagen Espira Kuventræ er støttespelar til FORUT, ein norsk solidaritetsaksjon for utvikling, med basis i dei norske freds- og edruskapsorganisasjonane IOGT, Juvente og Juba.

I år arrangerte barnehagen eigen festival til inntekt for FORUT, for tredje år på rad.

- I år går pengane til Nepal, og saman med praktiske førebuingar til festivalen har vi i barnehagen, store og små, lært mykje om landet pengane går til, seier festivalsjef Christina Moberg.

Ungane har lært om Omis og Dalbir, to ungar som bur på gata i Katmandu. Dei har lest om ungane, høyrt cd, sett film, lært å telja til 10 på nepalsk og lagd linsesuppe etter oppskrift frå landet som i år får ei solid støtte frå Os.

Rause bedrifter
På eit av kontora i barnehagebygningen var premiane og varer til auksjon samla. Det sto til taket i alt frå leikar og sportsutstyr til gåvekort og kunst.

- Lokale firma har også i år vore veldig rause med gåvene. Noko fungerer som premie i loddtrekning, andre varer skal auksjonerast vekk, som tur med helikopter og seilfly, t-skjorte signert av skeiselandslaget og måleri av kunstnar Vidar Mæland. Også bilde som ungane har malt saman med Mæland skal auksjonerast vekk, fortel Siri Storebø.

Lagde bok
Ei av dei tilsette, med bakgrunn frå liknande arbeid i ein barnehage i Oslo, sørgja for tre år sidan for å få Espira Kuventræ med som Forut-barnehage. Programmet var like omfattande då som no.

- Vi har song, konkurransar, kafé og sal av ting ungane har laga sjølv. Det som er nytt i år er at vi saman med ungane har laga ei bok som vi sel til foreldre og besteforeldre som er med på festivalen. Denne kan også andre koma og kjøpa om dei vil, reklamerer Christina.

Boka har alt frå oppskrifter og songar til forslag og forklaring av leikar foreldra kan gjera saman med ungar.

54.000 inn
Midtsiden.no besøkte barnehagen under generalprøven onsdag formiddag, medan festivalen starta om ettermiddagen. Onsdag kveld melder sttyrar Ingunn Sperrevik om eit vellukka arrangement.

- Det gjekk kjempefint, med godt oppmøte og kjempebra sal og deltaking på auksjon og leikar. Og så hadde vi vêret med oss, med sol og opphaldsvêr heilt fram til festivalen var slutt. Då byrja det å regna.

- Inntektene var også fine. Vi har vanlegvis lagt på rundt 45.000 kroner, i kveld ser det ut som om vi landa på rett over 54.000, seier Sperrevik nøgd.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.