Lokal | 27. apr. 2017

7 millionar til veg og vindauge

Kommunen vil bruka dei statlege sysselsettingsmidla til asfalt og nye vindauge, men gjev det meir sysselsetting, undra AP-politikarar.

7 millionar til veg og vindauge
Os rådhus er eitt av dei kommunale bygga som skal få nye vindauge finansiert av dei statlege sysselsettingsmidla (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 27. apr. 2017 09:30

Os kommune, har grunna auka arbeidsledighet, fått vel 7,3 millionar kroner i statlege sysselsettingsmidlar for å stimulera arbeidsmarknaden i kommunen.

I tenesteutvalet onsdag presenterte teknisk sjef Marianne Kramer korleis kommunen har tenkt å nytta midla.

– Midlane skal gå til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg, forklarte Kramer då ho la fram lista.

Slik vil tekniske tenester nytta dei:

  • Asfaltering kommunale vegar - 3 021 000
  • Riving av Lepsøy kai - 350 000
  • Skifte vindauge i 2, 3 og 4. høgda på rådhuset - 2 000 000
  • Asfaltering av parkeringsanlegg på Lurane og ved terminalbygget i Os sentrum - 300 000
  • Skifte vindauge på Os barneskule - 900 000

Dette er naudsynte vedlikehaldsoppgåver som eininga ikkje har kapasitet til å ta hand om sjølv.

Kor mange blir sysselsatt?

Ingen av politikarane i tenesteutvalet hadde noko å seie på prioriteringslista, men Sandra Austgulen (Ap) og Henriette Lien (Ap) lurte på om kor mykje meir sysselsetting det blei av pengane.

– Dette er jo sysselsettingsmidler, som har som mål å få folk ut i arbeid. Kor mange nye årsverk vil det gje? Kunne det ha gitt fleire arbeidsplassar om ein hadde nytta dei annerleis? Stiller ein noko form for kriterier til bedriftene og er det lagt ut på anbod, undra dei to.

Stiller lærlingekrav

Kramer kunne ikkje gje svar på kor mange årsverk konkret dei ulike oppgåvene medfører.

– Vi har hatt fokus på kva behov kommunen har for drift og vedlikehald av bygg og vegar. Eg kan ikkje svara på antal årsverk det vil bidra med, men desse jobbane vil bli lagt ut i tråd med innkjøpsreglementet.

– Vi jobbar i desse dagar med dei ulike rammeavtalene vi har med tømrarar, elektrikarar, entreprenørar og andre fag. Desse skal ut på ny anbodsrunde. Då er det tatt med krav om lærlingar, svara Kramer.

– Poenget er vel å få satt i gang prosjekt som er så klare at dei vil få umiddelbar effekt. Det å få ut oppdraga fort vil jo gje auka behov for folk hos dei som skal gjera jobbane, supplerte og poengterte Eirik André Hesthamar (Frp).

Kva med meir arbeidskrevande oppgåver

Austgulen og Lien ville ikkje heilt gje seg på om det fantes alternativ bruk av midla.

– Det hadde jo vore greitt å vita at vi hadde fått flest mogleg ut i arbeid, påpeika Austgulen.

– Det handlar om å få folk i arbeid, går det her ein liten del på sjølve arbeidet og ein større del på produktet. Hadde det vore mogleg å heller velga ting som er arbeidskrevande. Har det vore sett på, supplerte Lien.

– Det er ikkje berre å kjøpa inn vindauge. Det er nok ein betydeleg arbeidsinnsats som skal gjerast også. Det kan vera at vi må supplera med kommunale midler i tillegg, men vi kan ikkje nytte pengane på ting vi gjer sjølv. Når du kjøper ting eksternt, så får du jo ein indirekte effekt av det òg ved at både vindauga og asfalten skal produserast. På den måten er dei med på å oppretthalde sysselsettinga, svara Kramer før utvalet tok saka til orientering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.