8. mai: Talar, tilbakeblikk og song på Ulven og i minneparken

Sender seremonien direkte og i opptak.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) i Os Minnepark 8. mai i fjor. Knut Vidar Garlid på tangentar. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. mai 2021 09:30 - Sist oppdatert 04. mai 2021

Markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai blir grunna smittevernomsyn sendt på kommune-TV i år òg.

Sendinga går direkte frå klokka 16.30, men kan sjåast i opptak.

Dagens talar er Bjørn Sivertsen, leiar i Os Pensjonistforening. Song er ved Selma Hjelle Salbu, dottera til musikarparet Marita og Heine.

Marita og Heine under opning av Drangebu. Laurdag får vi høyra dottera Selma synga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Her er programmet:

Opning ved ordførar Trine Lindborg klokka 16.30.
Vi syng Fedrelandssalmen. Kvartett frå Os musikkforeining spelar.
Selma Hjelle Salbu syng «Til ungdommen», akkompagnert av Heine Salbu.
Tale ved Bjørn Sivertsen.
Kransenedlegging ved krigsminnesmerket i Minneparken.
Kransenedlegging på kyrkjegarden til Os kyrkje ved 1. Os KFUK-KFUM-speidarar.
Signalet Bøn.
Avslutning ved ordførar Trine Lindborg.
Vi syng Ja, vi elsker. Kvartett frå Os musikkforening spelar (Paul Johan Valle, Kjersti Aak Garlid, Karl Ole Midtbø og Ruth Elin Midtbø).

Jubileum blir markert på Ulven

Frigjerings- og veterandagen blir markert i Ulven leir òg, i to seremoniar etter kvarandre.

Korvettskvadron vil halda appell og leggja ned krans ved minnestøtta for MTB 345 (nordre leir), Os HV-område skal halda appell og leggja ned krans ved minnestøtta for falne frå IR-9 og e-tenesta.

I år fyller Heimevernet 75 år.

Heimevernet er fødd av tanken «aldri meir 9. april», organisert som vidareføring av den militære motstandsrøsla under krigen og formelt oppretta ved Stortingsmelding nummer 32, vedteken 6. desember 1946.

– Både dei første HV-soldatane, organiseringa og det som var av våpen og utstyr, kom frå Milorg. Det går derfor ei direkte line mellom avslutninga av krigen og opprettinga av Heimevernet, seier Lars Torpe, kaptein og områdesjef for Os HV-område 09102.

– Under markeringa vil vi blant anna nokre av oss vera utstyrte som HV-soldatar frå tida 1946 til 2021.

Heimevernet, her ved nestkommanderande Kristian Estberg-Godsveen i innsatsstyrken Bjørn West på øving i Os sentrum i 2019, fyller 75 år i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.