8. plass på heimebane
Jan Petter Hansen og Tony Wold blei beste osingar i Os Open.


- Både talet på deltakarar og resultata var prega av at det er tidleg i sesongen, seier dagleg leiar i Os Bowlinghall, Tony Wold.
Sjølv om det krev litt å vera arrangør var Wold sjølv med i konkurransen som starta torsdag og heldt fram laurdag og sundag i helga som var.
Wold blei nest beste osing (11. plass), Jan Petter Hansen var beste på heimebane med sin 8. plass. Stefan Palmer frå Macot vann.
Lars Martin Palmer vann juniorklassen og Stine Helene Palmer vann kvinneklassen.
- Sjølve arrangementet gjekk knirkefritt, som i fjor, og det er viktig. At både oljing av bane og teknisk anlegg er slik spelarane ventar at den skal vera.
9 osingar
Os Open hadde i år 44 deltakarar, 35 av dei i herreklassen, 2 i junior og 7 i dameklassen. Deltakarane kom blant anna frå klubbar som Fyllingen, Askøy, Stord og Haugesund.
Frå Os Bowlingklubb hadde 9 deltakarar, alle i herreklassen.
Osingane plasserte seg slik på resultatlista:
08. Jan Petter Hansen
11. Tony Wold
14. Ole Cartsen Søfteland
18. Ove Fonn
19. Trond Hansen
21. Olav Furevik
23. Arne Totland
24. Josef Bayer
29. Malvin Aspevik
SJÅ HEILE RESULTATLISTA