Korona | 12. aug. 2021

8 smitta på 2 festar: Opplever lite samarbeidsvilje

Kommunen med oppmoding til ungdomen.

8 smitta på 2 festar: Opplever lite samarbeidsvilje
Assisterande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. aug. 2021 10:07

Dei to siste dagane har det vore 9 nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune, 7 av dei er tenåringar, éin er i 20-åra.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Les ògAukande smitte - her er gårsdagens tal

– 8 av dei som er smitta den siste veka er knytt til 2 festar, seier assisterande kommuneoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen.

Dei er alle frå 16 til 20 år gamle.

Johannesen og resten av smittesporingsteamet opplever lite samarbeidsvilje hos fleire av ungdomane.

– Fleire av dei svarer ikkje telefonen, nokre nektar å fortelja kven dei har vore med eller lyg om dette.

– Det skal i tillegg ha åtvara kvarandre mot å ta telefonen når vi ringer.

Karantene og testrutinar

Johannesen seier han forstår at det er ei lite kjekk melding å få, og at folk vil «beskytta» venane sine.

– Men resultatet av manglande samarbeidsvilje er at smittesporinga blir meir krevjande, og risikoen aukar for at ungdom går rundt og smittar andre.

– Dei risikerer også å smitta nokon som ikkje toler covid-19 så bra, ung eller gamal.

Å ikkje samarbeida er dessutan eit lovbrot.

Kommunen håper på betre samarbeid i dagane som kjem, og har denne oppskrifta til ungdomen:

  • Hald deg i karantene til du har testa deg
  • Test deg 3 til 7 dagar etter at du har vore på festen (det kan ta nokre dagar etter smitta før test gir utslag)
  • Ta telefonen når smittesporarane ringer, og svar ærleg

– Mange trur at det er nok å ta ein hurtigtest dagen etter festen - og at alt er i orden om denne er negativ. Slik er det absolutt ikkje. Det tar som regel nokre dagar før viruset slår ut. Difor skal du halda deg i karantene til du tar testen og fram til negativt prøvesvar ligg føre, seier Aasheim Johannesen til kommunen si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.