9-åring påkjørt
Ein ung syklist er frakta til sjukehus i luftambulanse etter ei trafikkulykke på Halhjemsvegen.


Ein ni år gamal gut på sykkel blei onsdag kveld påkjørt på Halhjemsvegen, i 80-sona ved avkjørsla til Haugland.
- Luftambulanse er rekvirert, seier operasjonsleiar Per Stiegler i Hordaland politidistrikt til Midtsiden.no.
Meldinga om ulykka kom klokka 20.02.
Guten skal ha vore bevisst etter ulykka. Stiegler kan førebels ikkje seia noko om helsetilstanden eller årsaka.
Midtsiden.no fekk først opplyst at syklisten blei påkjørt bakfrå, men ifølgje vitne patruljen frå Os lensmannskontor har snakka med, sykla guten inn i sida på bilen.
- Bilen kjørte i retning Os frå Halhjem då ulykka skjedde. Bilførar, ein mann i 40-åra, forklarar at han såg syklisten før kollisjonen, men at han ikkje klarte å stoppa før det gjekk gale, seier politibetjent Kjartan Snorrason.
Det er rutinemessig tatt beslag i førarkortet til bilisten.