Sport | 11. nov. 2013

9 av 13 lag vidare

Os, Nore Neset og Søre Neset stiller sterkt i Lagunen Fotballfest. Ni av tretten lag har tatt seg til sluttspelet.

9 av 13 lag vidare
Os gutar 16 trengte siger i siste runde, men spelte uavgjort og rauk ut av Lagunen Fotballfest. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. nov. 2013 07:38

Fotballserien er over for ungdomane i Hordaland, og det betyr tid for Lagunen Fotballfest, ei rein 11-arturnering i regi av Bjarg, Fana IL Fotball, Smørås, Gneist og Kalandseid.

Cupen blir arrangert med handikap, der 13- og 14-åringane startar med å leia 1-0 eller 2-0 om dei speler mot lag frå 1 eller 2 divisjonar over. For 16- og 19-åringane startar kampen med straffar for lag frå lågare divisjon.

Frå klubbane i Os er det 10 gutelag og 3 jentelag som deltar, og heile 9 av desse er vidare i sluttspelet.

G19: 3 av 8 kvartfinalelag frå Os

I juniorklasse er både Os, Os 2 og Nore Neset vidare til kvartfinale.

Os 1 var solide i dei to første innleiande rundane, der dei vann 5-0 og 11-0, men tapte 2-5 for Fana og måtte spela 1/8-finale.

Kampen om plass i kvartfinale blei avgjort på straffekonk, no møter Os 1 Nore Neset i kvartfinale torsdag.

Os 2 spelte uavgjort med Nore Neset i innleiande rundar, der Nore Neset blei puljevinnar og Os 2 hamna på 2. plass.

Os 2 møter Smørås 2 i sin kvartfinale, alle kvartfinalane blir spelte på Stavollen torsdag kveld.

Berre 1 av 3 gutelag vidare

I gutar 16 stilte Os med to lag og Nore Neset/Søre Neset med eitt.

Os 2 gjekk på tre store tap, Os 1 trengte 2-3-målssiger i siste, men spelte uavgjort og rauk også ut.

Nore Neset/Søre Neset vann pulja og speler 1/8-finale mot Åsane frå divisjonen over tysdag kveld.

To jentelag til semifinale

Os jenter 16 starta også bra med 10-1 og 4-1, men gjekk mot eit 1-2-tap for Follese/Askøy etter å ha fått straffe imot og spelte 3-3 i siste runde.

2. plass er likevel godt nok til sluttspel og i semifinalen møter dei Gneist, som dei tapte 0-1 for i finalen i fjor.

Også Nore Neset jenter 14 er vidare. Dei har tatt 7 poeng på tre kampar, vunne pulja og speler semifinale mot Valestrand Hjellvik laurdag.

Os jenter 13 starta med 0-2-tap og 7-1-siger, og var nær på å ta viktige poeng mot Gneist, trass i at dei spelte med berre 9 spelarar.

Men med 0-2-tap for Gneist hjelpte det ikkje at dei klarte 0-0 mot Erdal, som landa på 2. plass i 1. divisjon i år. Dermed var dei ute.

3 av 4 smågutelag er vidare

I gutar 14 stilte Os med eitt lag, og Os G14 gjorde reint bord i innleiande rundar, med 9-1 som største siger, og speler kvartfinale mot KIL/STIL torsdag.

I klassen smågutar 13 stilte Os med eitt lag, Søre Neset/Nore Neset med to.

Os tok 9 poeng på 3 kampar og vann pulja. Søre Neset/Nore Neset tok 7 poeng på 3 kampar og er også vidare.

Nore Neset/Søre Neset tok berre 1 poeng på 3 kampar og er ute av årets Lagunen Cup.

Sjå cupassist.com for resultat og kampoppsett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.