Fotball | 27. apr. 2010

9 poeng på 15 dagar

Det blei ein serie spektakulære skåringar då Søre Neset i går tok sin tredje siger på rad.

9 poeng på 15 dagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. apr. 2010 08:54

Frå seriestart 9. april til måndag 26. april har Søre Neset tatt 9 av 9 moglege poeng. I går slo dei Apollo på bortebane.

- Dette er ein motstandar vi har slite med dei siste åra, og før kamp var det uvisst kor mange vi hadde skadefri. Men vi stilte med same startellevar som sist, med unntak av Kenneth Hufthammer, som var på jobb, fortel trenar Morten Øvrebø.

Søre Neset tok leiinga i 4. minutt, leia 3-0 til pause og vann 4-0. Ørjan Håland og Tore Kinden skåra to kvar.

- Vi fekk ein fin start med tidleg skåring og spelte nok ein god førsteomgang. Vi var nærmare 4-0 til pause enn dei var redusering. Det som var ekstra bra var at vi i går klarte å halda nullen, og at vi heldt trykket oppe også utover siste halvdel av kampen.

- Fantastiske skåringar
Fleire av skåringane i gårsdagens kamp var ifølgje trenaren av spesielt fin sort.

- Ørjan Håland hadde først eit kanonskot frå 20 meter via tverrligger og i mål i 4. minutt. Så kom ein lang kryssande pasning frå Frank Haugland på midtbanen, som han endå meir imponerande banka inn på eitt touch i 13. minutt.

Tore Kinden auka til 3-0 i 32. minutt, etter at ein forsvarsspelar gav retur på eit innlegg.

- I 62. minutt vendte han av ein spelar utanfor 16-meteren, tok ballen med seg inn og auka til 4-0 med ei fin skåring.

Rett i kryssen
Men kampens finaste skåring blei ikkje godkjent, rett og slett fordi den ikkje blei oppdaga. Torbjørn Hjelle tok frispark frå 30 meter, hardt og langt så ballen nesten sat fast i krysset, men dommaren var ein av få som ikkje såg at ballen var inne.

- Ballen var sikkert ein meter inne i mål, men trefte bakerste stanga inst i mål og spratt ut igjen. Folk i både vår og Apollo sin leir blei ståande å måpa, fordi frisparket var så bra, heilt utruleg at ikkje det blei godkjent, seier Morten Øvrebø, som måtte nøya seg med 4-0-siger.

Søre Neset sitt lag frå start (4-3-3):
Anders Kloven - Frank Haugland, Audun Røren, Ørjan Bakke, Kjetil Henriksen - Andreas Pettersen, Ørjan Håland, Emilis Kazinskis - Torbjørn Hjelle, Tore Kinden og Anders Kinden.
Innbytarar med speletid i kampen: Daniel Halhjem, Geir Ove Pettersen, Lars Martin Høyvik og Kjetil Eide.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.