Abonnementsvilkår

Midtsiden.no opna for abonnement frå januar 2020. Vi oppmodar deg som abonnent å lesa vilkåra. Abonnementsvilkåra kan bli endra utan forhåndsvarsel, ved prisendring eller andre større oppdateringar blir du varsla per epost og bedt om å akseptera på nytt.

Pris: 120 kroner inkl mva per månad

Det blir ikkje gitt momsrefusjon for kjøp frå utlandet eller Svalbard.

Aldersgrense og familie: Aldersgrense for å teikna abonnement er 18 år. Abonnementet er personleg og til privat bruk, men gjeld per husstand med inntil 6 samtidige pålogga einingar per abonnement. 

Automatisk fornying - utan binding: Abonnementet blir betalt på forskot for éin månad/30 dagar frå første betaling. Vi bruker betalingsløysing frå Stripe, som er open for betaling med bankkort. Når du har betalt for dine første 30 dagar, blir abonnentet ditt automatisk fornya med betaling kvar 30. dag.

Abonnentet er utan bindingstid, og du kan seia det opp når du vil. Oppseiing skjer «manuelt» med epost til kjetil@midtsiden.no.

Betalingsløysing og personvern

For å kjøpa abonnement må du vera pålogga som brukar på Midtsiden.no. Du kan sletta all informasjon om deg sjølv når du ønskjer, utan at vi har dette lagra i etterkant.

Midtsiden bruker Stripe som leverandør av betalingsløysing. Det betyr at det er Stripe som handterer all kortinformasjon og andre detaljar rundt betalingane dine.

Stripe.com kan du lesa korleis dei handterer betalingsinformasjonen din.

Les òg, Midtsiden si personvernerklæring.