Adventskonsert på Nore Neset
Tradisjonen tru held Os Mannskor med gjester stor konsert i Nore Neset kyrkje 1. søndag i advent.
I år har koret fått med seg elevar frå Kongshaug Musikkgymnas, som dei i fleire år hatt eit godt samarbeid med.
– Kongshaug Musikkgymnas har mange flinke elevar som er verd å høyra på. Også i år vil nokre av desse delta på adventskonserten, seier Thore Lunde i Os Mannskor.
– Vi har også fått med oss nokre damer som ein vel må kalla nykomlingar i musikkmiljøet i Os, nemleg ei gruppe med det spanande namnet Tilslørte Bondepiker.
Tilslørte Bondepiker starta i januar 2014, og består av tolv humørfylte Os-damer med til saman meir enn 100 års korerfaring. Saman med dirigent Kristine Bjånes ønskjer ensemblet å gje publikum gode, underhaldande musikalske opplevingar. Med god hjelp av lokale arrangørar og medlemmene sjølve presenterer gruppa ofte songar med ein personleg vri. På adventskonserten i Nore Neset kyrkje vil dei bli dirigert og akkompagnert av Knut Vidar Garlid.
– På Os Mannskor sin jubileumsfest i mars i år var Tilslørte bondepiker eit populært og festleg innslag i underhaldninga, og dei er vel verdt å få med seg. – Mannskoret har no eit breidt repertoar av sangar og mange av desse vil verta framførde, men ein vil sjølvsagt markera at det er advent og jula nærmar seg, seier Lunde.
– Vi kan sjå tilbake på eit svært aktivt år, der høgdepunktet var eit fullsett Oseana på jubileumskonserten vår i mars. Ein tur til Austerrike på musikkfestival har det også vorte.
– Adventskonserten håpar vi blir ei verdig avslutning på jubileumsåret, avsluttar Lunde.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.