Akutt vasslekkasje på Søre Neset
Drikkevatnet i halhjemsområdet er stengt av.
Måndag formiddag fekk innbyggarar i halhjemsområdet tekstmelding med varsel av stenging av drikkevatnet.
«Grunna akutt vasslekkasje i halhjemsområdet blir vatnet stengt frå klokka 10.30 til reparasjonen er utført» står det i meldinga.
– Dei som er ute i felten skal ha prøvd å stenga av nokre ventilar, men dei er gamle, så det blei visst nokre utfordringar der òg, seier teknisk vakt Dag Søfteland.
Problemet oppsto i eller nær Kvernhusrenen. Rundt 100 abonnentar skal no vera utan vatn.
– Eg reknar med at dette er noko som blir fiksa i løpet av dagen, seier Søfteland.
Om vatnet er misfargaeller har synlege partiklar når du får det tilbake så lat kaldt vatn renna til det ser klart ut, skriv kommunen i tekstmeldinga.