Oseana | 27. mars 2019

– Alle har eit forhold til havet

Riksteatrets kritikarroste «Havboka» gjestar Oseana på måndag.

– Alle har eit forhold til havet
«Havboka» kjem til Oseana på måndag - forestillinga har hausta høge terningkast og har spelt for fulle hus landet rundt. (Foto: Riksteatret) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 27. mars 2019 11:11

Ei samla rikspresse har kasta høge terningkast, og forestillinga har allereie spelt for fulle hus landet rundt.

No er det Os sin tur til å få besøk av det Aftenposten beskriv som eit «forrykande hai-angrep».

«Havboka – eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider», kom ut i 2015, og er skriven av forfattar Morten A. Strøksnes.

Boka er allereie selt til 24 land, og i Noreg har boka allereie eit opplag på 74.000 ekesmplar. For boka fekk Strøksnes både Brageprisen og Kritikerprisen.

– Alle har eit forhold til havet

Teatersjef Tom Remlov fortel at det skal bli ekstra gøy å setja opp forstillinga på Oseana;

– Noreg er ein kystnasjon, og vi ser at folk er opptekne av kva slags forhold vi menneske skal ha til havet.

– Det vert ekstra gøy å få spela denne forestillinga i Oseana som ligg og «duppar» i vasskanten.

Menneska og havet - ein introduksjon

Før forestillinga på måndag inviterer Riksteatret til introduksjonen «Menneskene og havet».

Introduksjonen vert halden av marinbiolog Kaja Fjørtoft.

«Havboka» er eit samarbeid mellom forfattar, Morten A. Strøknes, Riksteatret og Nationaltheatret.

Regi og dramatisering er ved Ole Anders Tandberg.

Tandberg har mellom anna gjort stor suksess med teaterversjonen av Karl Ove Knausgårds «Min kamp».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.