Lokal | 24. juni 2009

− Alle kan hjelpa!

Os får stadig fleire hjartestartarar. Alle kan bruka dei, men veit du kvar dei er?

− Alle kan hjelpa!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juni 2009 19:12

Heimebesøk, integrering av innvandrarar, søk, sanitetsvakt og kurs i livredding – Os Røde Kors har eit omfattande tenestetilbod, og hjartestartarar blant publikum gjer det endå lettare for osingen i gata å hjelpa andre.

− Sjølve kurset i å bruka hjartestartar tar tre timar, men då lærer du også om korleis den virkar og om vedlikehald av apparatet. For å ta apparatet i bruk for å redda liv treng du ikkje gjera noko anna enn å opna det og høyra på instruksjonen som automatisk blir lest, seier hjelpekorpsleiar i Os Røde Kors, Odd Magne Rød.

Umogleg å gjera feil
Om du blir vitne til hjartestans bør du veta at det er hjartestartar på AMFI Os, hos drosjane, på Osbadet, på rådhuset, i Nore Neset Aktivitetshus og i Røde Kors-huset i Kolskogen. Desse er halvautomatiske, dei kan ikkje brukast feil, dei kan brukast på ungar og dei kan ikkje øydelegga eit friskt hjarte.

− Likevel held vi kurs i bruk av hjartestartarane, og ei innføring i bruk tar berre eit kvarter. Då blir folk sikrare på seg sjølv, og tør bruka apparatet om det skulle bli behov, seier Rød.

Nyleg heldt han ein introduksjon for nytilsette i butikkane på AMFI Os.

− Vi vil at dei som jobbar her skal få ei innføring i bruk, men eg vil presisera at alle kan bruka denne, kundane også. Hjartestartaren heng like til venstre for rulletrappa ved Prix i første etasje, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Tenester, kurs og rekruttering
Os Røde Kors har 915 medlemmer, rundt 100 av dei er aktive, det vil seia at dei gjer ein innsats minst fem timar i løpet av eit år.

− Vi har Os Røde Kors Omsorg, som driv med besøksteneste, og Åpne Grenser, sistnemnde eit tiltak for kvinner med innvandrarbakgrunn. Og så har vi hjelpekorpset, som både er beredskapsorganisasjon, rykker ut på søk etter sakna personar, står sanitetsvaktar på arrangement og held kurs innan førstehjelp.

Alt frå bedrifter og barnehagar til frivillige lag og organisasjonar bestiller kurs frå Os Røde Kors.

− Vi treng fleire aktive medlemmar, og til hausten arrangerer vi 30-timars grunnopplæring i hjelpekorpset. Målet er å samla minst 20 personar med interesse for førstehjelp og samstundes engasjement innan det å hjelpa andre.

Odd Magne Rød seier at det ideelle medlem for Os RK er ein som har overskot til å hjelpa andre.

− Det er dessverre ikkje alle som tenker slik i den travle tida vi lever i. For dei som har kapasitet til å hjelpa kan Røde Kors by på mykje, frå velrenommerte leiarkurs til fagkurs på nasjonalt og internasjonalt toppnivå. Alt dette får dei for ein medlemskontingent på 250 kroner.

Du finn hjartestartarar fleire stadar i Os, blant anna her:
AMFI Os (i 1. etasje, mellom rulletrappa til kafeen og Notabene)
Drosjebua
Kuventræ (klubbhuset)
Nore Neset Aktivitetshus
Osbadet
Os Rådhus

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.