Alle over 13 år må ta smittevernkurs før kamp
Må svara rett på alle spørsmål før dei for lov å spela organisert fotball.
Mens seniorspelarar frå 3. divisjon (2. divisjon for kvinner) og ned ventar på å få lov å trena med kontakt, og på ein dato for seriestart, er ungdom og born i trening som før og klare for seriespel til hausten.
Men før ungdomane over 13 år får lov å spela organisert fotballkamp igjen, må dei delta på eit online smittevernkurs og svara rett på alle dei fem spørsmåla i siste del av kurset.
– Vi sender ut nærmare informasjon til klubbane om dette tidleg i neste veke, seier direktør i NFFs utviklingsavdeling, Alf Hansen, i ei pressemelding.
E-kurset er delt i to og startar med ein læringsdel før du må bestå ein prøve på fem spørsmål. Kurset og prøven skal ta rundt 15 minutt å gjennomføra.
– Det skal vera trygt å senda ungene til aktivitet, og då må klubbene halda fram det gode arbeidet dei allereie har lagt ned, seier Hansen.
Spelarane får tilgang til kurset via minidrett.no, der dei loggar seg på sin eigen profil og gjennomfører.
Ungdomane må ha gjennomført kurset i løpet av august, seniorspelarane (over 20 år) må ha gjennomført før dei startar med seriespel igjen.