Alle piler peiker i retning indre trasé, meiner Helge Andersen frå Bjørnafjorden Sp. 

Alle piler peiker i retning indre trasé

Lesarinnlegg: Bjørnafjorden Senterparti kjempar for JA til indre trasé E39 gjennom Bjørnafjorden kommune

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bakgrunn: Utredningen av Ferjefri E39 ble igangsatt av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa i 2010. På oppdrag fra samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa innledet Statens vegvesen i 2010 utredning som så hele strekningen under ett. Målet med utredningen var å se på muligheten for å gjøre E39 mellom Kristiansand og Trondheim ferjefri og dermed redusere reisetiden langs Vestlandet. Prosjektet ble inkludert i Nasjonal transportplan 2014–2023, og regjeringen Stoltenberg II satte som mål å gjøre hele strekningen ferjefri i løpet av 20 år. Samlet kostnad ble da anslått til 150 milliarder kroner. Med Nasjonal transportplan 2018–2029 endret regjeringen sin utbyggings ambisjon fra «20 år» til et «langsiktig mål». I 2013 anslo Statens vegvesen at en investering på «på rundt 100 milliarder» kroner kunne redusere kjøretiden fra 20 til 13 timer.

Ein ny rapport frå Asplan Viak mars 2019  tar for seg oppdaterte trafikktal for både brua og ein indre trasé E39 om Eikelandsosen i Fusa kommune. 

Mykje høgare trafikk

Rapporten viser at den indre traseen vil ha vesentleg høgare trafikk enn kva som vart førespegla då alternativet vart omgjort/vraka av Høgre og Frp i 2013.  Den nye rapporten bereknar at skilnaden vil vera mykje mindre enn ved beregning i 2012, då den nye beregninga viser at den midtre traseen vil ha 11.800 bilar, mot 9.500 bilar på den indre traseen i 2040.

Kostnaden for indre trasé er for første gong sidan 2012 rekna på nytt, og viser seg å vera mellom 10 og 15 milliardar billegare enn midtre trase , og det er før ein ser prosjektet i samanheng med dei andre vegprosjekta . Dette forrykker avgjerds grunnlaget, meiner me i Bjørnafjorden Senterparti. 

Føresetnadene er endra

Sidan 2012 er føresetnadene endra: 

Os og Fusa kommune skal slåast saman til Bjørnafjorden kommune, noko som vil skapa auka trafikk over fjorden og behov for ein betre infrastruktur. Konsekvensen er at talet på årlege køyretøy over midtre trasé kan bli redusert, medan det vil auka i indre trasé med auka trafikk mellom Os og Fusa (og Samnanger).

«Normann-rapporten» påpeika i 2012 at trafikken over indre trasé ville gi ein tidlegare inntening – dette var før det fanst planar om kommunesamanslåing.

Sjå tinga i samanheng

Som mange har påpeika før, med Hordfast indre trasé E39 med ei forlenging nordover og sett i samanheng med «Hordalandsdiagonalen», kan vi oppnå både å spara kostnadar og å få synergieffektar for tre store samferdselsprosjekt: E39, E16 og E134.

Fusa kommune, som no blir ein del av Bjørnafjorden kommune, har overskot av bustadtomter. Me i Bjørnafjorden senterparti meiner at vi må ta heile kommunen i bruk, derfor er E39 indre trasé så viktig. Planlegging av tunnel frå Sævareid til Eikelandsosen er i startfasen, men vil då bli E39 som eit nasjonalt prosjekt .

Planlegging av bru mellom Os og Fusa er òg ein prosess som så vidt har starta, med kommunale samanslåingsmidlar frå regjeringa.

Alle piler peiker mot indre trasé.

Stem Senterpartiet både lokalt og på fylkesnivå - det blir viktig for E39 indre trase. 

Helge Andersen
Listekandidat 8, Bjørnafjorden Senterparti

Fleire saker