Kultur | 28. apr. 2012

- Alltid kos på Os

VIDEO: Frigaard varta opp med gnistrande blues rock på vårbluesen. - Det er kjekt å vera tilbake, seier bandet som starta det heile.

Andris Hamrelørdag 28. apr. 2012 10:48

For omlag to og eit halvt år sidan bestemte Osøren Jazz og Bluesfestival seg for at dei ville starta med blueskveld ein gang i månaden på Peppes.

- Det første bandet vi fekk med oss var Frigaard, fortel Tore Lekve i festivalen.

- Dei var ikkje i tvil då vi spurte og støtta godt opp om initiativet.

- Det skulle berre mangle. Gjengen bak festivalen er fantastiske folk som har klart å skape noko stort, skryt Terje Frigaard tilbake.

Ein bragd

Frigaard har opplevd det meste på scena frå små intimkonsertar til store festivalarangement.

- Det å klare å få til ein månadleg blueskveld som dette er ein prestasjon. Det er ikkje mange klubbar som klarar.

- Når dei i tillegg er så flinke som dei er til å løfte fram lokale artistar i tillegg, er det enno kjekkare å vera med på, seier Frigaard.

Han skryt uhemma av arrangørane i Osøren Jazz og Bluesfestival.

- Utan at eg skal disse dei andre, så er det forskjell på arrangørane.

- Det er difor det er så triveleg på Os. Hit er det alltid ein nytelse å koma.

- Ikkje minst fordi dei to andre viktige delane av ein vellukka konsert, arrangørane og publikum, er så bra, avsluttar Frigaard før han entrar den vesle scena ved Bjørnefjorden.

Sjå nokre klipp frå konserten med Frigaard i videoen nedanfor (3.38) (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.