Ally og Luke redda svaneunge
Med fiskesnøre rundt beina og krok i foten blei det vanskeleg både å gå og å letta.
VIDEO: Sjå bergingsaksjonen i Moldafjøra søndag morgon (lesarvideo)
Søndag morgon var Ally (8) og Luke (5) med bestefar Ronald Knudsen for å dra krabbeteiner.
– Teinefangsten var dårleg, det var tydeleg at andre har drege teinene mine, seier Knudsen.
Dei var tomme for både fangst og agn og sto ikkje heilt sånn som dei var sett ut rundt Moldafjøra.
Såg skadd svane
Då teinene var sjekka oppdaga dei ein svaneunge som ikkje såg ut til å ha det bra.
– Den såg litt slapp ut, og då den gjekk på land så spaserte den med korte steg, som om den halta litt på eine foten.
Då dei kom nærmare såg dei at fuglen hadde gøtt rundt beina.
Hadde krok i foten
Barnebarna blei urolege for fuglen, men bestefar visste råd.
– Eg kjenner viltkontakt Espen Andersen frå før, så eg ringte til han.
Saman med barnebarna sto han mellom sjøen og fuglen så den heldt seg i bekken til Espen fekk fanga svaneungen med håv.
– Det viste seg at fuglen, i tillegg til fiskesnøret, hadde ein krok fast i eine foten. Espen fekk fjerna kroken og snøret og fuglen såg ut til å ha det langt betre då han svømte ut Moldafjøra i stor fart.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.