Alt for ungdomen!
Os kommune legg opp til eit breidt utval av aktivitetar for ungdom denne sommaren. I går var leiarane på redningskurs i iskalde Oselvo.


- Sjå kva dei andre har på seg! seier Reidar Dale og peikar på våtdrakta til Ellen Merete Lyssand.
Sjølv sit han i shorts og t-skjorte og skal snart symja i kalde Oselvo.
Mange av aktivitstilboda på Os kommune sitt nye sommarprogram for ungdom er på eller nær sjø. I går og i dag er leiarane på redningskurs med instruktarane Ole Morten Lom og Ingrid Kjørsvik.
- Vi har hatt nokre timar teori og trent på hjarte- og lungeredning. No har vi praktiske redningsøvelsar, seier Lom og aktivitetane i elva.
Startar med overnattingstur
"Sommar i Os" er eit nytt tilbod til ungdom. Frå 24. juni til 5. juli kan ungar, ungdom og eldre melda seg på, eller stilla opp til (det er ikkje alle aktivitetane som krev påmelding) er rekke ulike aktivitar.
- Nokre er reine aktivitetstilbod, andre er av meir kulturelle sort, seier Ellen Merete, og nemner historisk vandring med Åsmund Lien og guida tur i Skulptrusymposiet som eksempel.
Aktivitetane er opne for alle, men enkelte har aldersgrense. Nokre av tilboda er gratis, dei andre er svært rimelege.
- Den dyraste aktiviteten er også den første, overnattingturen til Tellnes på Sotra frå onsdag 24. juni til torsdag 25. juni kostar 150 kroner. Men då er også transport og mat inkludert, seier Reidar.
SJÅ HEILE PROGRAMMET I SLUTTEN AV BILDESERIEN: