Alvorleg skadd etter fleire knivstikk
– Eg vil rosa dei tilsette for korleis dei klarte å roa ned mistenkte, seier Compact-direktør Per Henning Hamnes.
Bildeserie:
Onsdag rundt klokka 9.45 rykte ambulanse og politi ut til GC Rieber Compact AS på Søfteland.
Leiinga hadde varsla om skadd kvinne etter knivstikking.
Kvinna er alvorleg skadd og blei frakta til Haukeland med ambulanse. Den mistenkte mannen blei pågripen utan dramatikk.
Fleire knivstikk
– Det kan sjå ut som om det ikkje var vitne til sjølve knivstikkinga, seier politioverbetjent og nestkommanderande innsatsleiar Ole Marius Røttingen til Midtsiden.
Ifølgje Compact-direktør Per Henning Hamnes skal episoden ha blitt oppdaga ved at nokre tilsette høyrde skrik frå lageret.
– Nokre av dei hjelpte kvinna med å stoppa blødningane, andre klarte å roa ned mistenkte, seier Hamnes.
– Eg vil rosa alle, spesielt dei som klarte å roa vedkomande ned og å halda han roleg til politiet kom.
Innleigd arbeidskraft
Mistenkte er i 20-åra, kvinna er i 40-åra. Begge jobba på lageret, men i ulike funksjonar.
– Kvinna er fast tilsett, mistenkte er innleigd og har jobba her rundt tre månadar.
Hamnes kjenner ikkje til om det har vore nokon konflikt mellom dei to tidlegare, eller om mistenkte har hatt andre problem.
Stopp i produksjonen
Ambulanse og politi blei varsla rett etter episoden. Også kvinna sine pårørande blei kontakta.
– Dei andre tilsette fekk òg beskjed om å varsla sine nærmaste så dei heime visste at dei var trygg, fortel Hamnes.
– Vi har varsla bedriftshelsetenesten som vil hjelpa oss med vidare oppfølging av dei tilsette.
Compact driv forsking, utvikling og produksjon av blant anna nødrasjonar og spesialnæring for Forsvaret og for hjelpeorganisasjonar.
– All produksjon blei stoppa etter hendinga og den kjem ikkje i gang igjen i dag, seier Compact-direktøren.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.