Lokal | 21. jan. 2021
Ambulanse køyrde seg fast
Brannvesenet rykte ut for å hjelpa.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. jan. 2021 09:01
Onsdag litt før klokka 19 rykte brannvesenet ut til Hegglandsdalsvegen.
– Det er ikkje brann, men ein ambulanse som har køyrd seg fast. Vi rykker ut for å hjelpa, sa vakthavande.
Ambulansen skal ikkje ha køyrd utfor, men sto fast på eit glatt stykke veg.
På staden var brannvesenet, legevakt og nokre traktorar, som såg ut til å hjelpa til.
Etter at mildvêret kom er det greie køyreforhold på dei fleste fylkesvegane, men speglglatt på enkelte sidevegar, parkeringsplassar og fortau.