Kultur | 29. juli 2022

Amund Gravdal til Os

Opnar utstilling i Vognhallen.

Amund Gravdal til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. juli 2022 12:48

I morgon opnar ei ny utstilling i Vognhallen, den første etter Bjørnafjorden Kulturfestival med tilhøyrande skulptursymposium i juni.

Utstillar er malar Amund Gravdal frå Haugesund-traktene.

– Eg såg utstillinga han hadde på Galleri Mo.z.art i vinter, og blei heilt bergtatt av maleria hans. Det var noko med lyset og stilen, seier Randi Hjertaas.

Gravdal hadde i januar separatutstillinga «Nesten mørkt» på Galleri Mo.z.art i Bergen.

Amund er glad i å spela sjakk. Og å sleppa lyset inn i maleria sine.
Amund er glad i å spela sjakk. Og å sleppa lyset inn i maleria sine.

Hjertaas er utstillingsansvarleg i Os Kulturutvikling, som driftar det vesle og ganske nye kulturhuset i Vognhallen.

– I periodar har vi bunkevis med søknadar om å stilla ut her, men Amund blei invitert, og vi er glade for at han takka ja.

– Det blei mykje utsetjing under pandemien, og vi er ikkje fullbooka så langt framover. Derfor tar vi gjerne imot fleire søknadar utover hausten, presiserer ho.

Set seg ned i skogen for å mala

I dag kom Amund til Vognhallen for å montera. Med seg har han nesten utelukkande verk frå éin av dei to metodane han bruker; «plein-air».

Plein air er eit fransk omgrep på det å setja seg ned i omgjevnadane og mala det du ser, gjerne ein stad i naturen.

Gravdal har sans for plein air, å setja seg ned i omgjevnadane og mala det han ser.
Gravdal har sans for plein air, å setja seg ned i omgjevnadane og mala det han ser.

– Eg sit i tre timar. Nokre gongar er eg ferdig etter desse tre timane, men som oftast går eg tilbake og har ei økt eller to til, og så kan det bli noko finpuss i studio, fortel Amund.

Alltid med eit ønskje om å bruka lyset best mogleg.

– Morgon og kveld er ofte bra, i timane før og etter sola går opp eller ned. Lyset og fargane er viktige for meg, og maleriet treng ikkje bli heilt likt det eg ser.

Nokre få gongar maler han også folk, men det meste er landskap, og ikkje alt er norsk.

Nesten tatt av skogbrann i Portugal

Gravdal har utdanning frå Nordland Kunst og Filmfagskole, Higher National Diploma in Visual Arts, og visuell kommunikasjon og kunstskaping og formidling ved Høgskulen i Volda.

I 2017 og 2018 jakta han eit anna lys i Portugal, men enda sjølv med å bli jakta på av eit flammehav.

– Eg jobba for kost og losji på ein gard, og midt på natta måtte eg og ein kollega flukta frå ein skogbrann.

– Det var kaotisk, både med å koma seg ut avhuset, velja kva du skulle ta med og kva veg du skulle køyra. Fleire vegar var blokkerte avvelta tre.

– Eg klarte å berga noko utstyr og nokre av maleria, men skoa mine og nokre maleri som sto på terrassen var brent opp då vi kom tilbake. Heldigvis var bygningane av stein og betong.

Eit bygg nær garden Amund budde og jobba på til skogbrannen kom.
Eit bygg nær garden Amund budde og jobba på til skogbrannen kom.

Nokre av maleria er frå Portugal, som eig bygning nær garden, før det brann, og to kollegaer med boblejakke i eit murhus på ein ekstra kald aprilkveld.

– Opplevinga frå brannen prega meg som kunstnar ei tid etterpå. Det blei nokre penselstrok i retning flammande form, innrømmer Amund og ler.

Utstillinga opnar laurdag og står til midten av august. Kunstnaren er i Os heile den første og siste helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.