Kultur | 18. feb. 2017

Amy til Tysnes med nytt album

Amy MacDonald, som i går sleppte sitt nye album, kjem til Tysnesfest med den ti år gamle megahiten «This is the life» og eit knippe nye låtar.

Amy til Tysnes med nytt album
Amy MacDonald speler på Tysnes laurdag 15. juli. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 18. feb. 2017 10:09

Skotske Amy MacDonald, som fyller 30 år i år, gjorde braksuksess med debutalbumet «This is the life» i 2007.

Tittelsporet er spelt over 46 millionar gongar på Spotify og toppa listene i seks europeiske land. Til saman har MacDonald selt over 9 millionar plater.

– Amy kom med nytt album fredag, «Under Stars», og skal til blant anna Brussel, Paris, Edinburgh, København, Wien og Munchen på turneen sin. Vi er glade for at vi òg får ho til å koma innom Tysnes, seier Øystein Vaage frå Tysnesfest.

MacDonald skal spela på Gjerstad Arena laurdag (15/7) under festivalen.

Til no er følgjande artistar lanserte til årets festival: Alan Walker, Highasakite, Amy Macdonald (UK), Sivert Høyem, Astrid S, Staysman&Lazz + Katastrofe, deLillos, Kim Larsen, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Sophie Elise-Vegard Harm og Joakim Kleve, Gunslingers, Ausekarane, Familieforetaket og De Musikalske Dvergene

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.