Lokal | 01. okt. 2010

- Angrar på at eg sa ja

Torill Keys (Ap) ville stemma nei til å starta bygging av Oseana.

- Angrar på at eg sa ja
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2010 10:42

Onsdag blei det klart at Oseana heller ikkje i år får støtte frå staten. Søknaden, som det første året var på 47 millionar kroner, var no på 15 millionar kroner, men er likevel eit stort beløp når det no nærmar seg ferdigstilling og opning.

Partia i posisjon, Frp og Høgre, og særleg ordførar og styreleiar i Oseana KF, Terje Søviknes (FrP), får kritikk for risikoen dei har tatt.

Men vedtaket om å byrja å bygga, sjølv om det framleis var usikkert om det ville koma støtte frå staten, var samrøystes i kommunestyret.

- Eg angrar på at eg endra stemma mi, seier Torill Keys (Ap), den einaste i kommunestyret som i utgangspunktet stemte imot byggestart.

«Kva skjedde no?»
Tysdag 16. desember 2008 var både reguleringsplanen til Os Sjøfront og byggestart for Oseana oppe i kommunestyret.

Sjøfront-saka skapte mest debatt, blant anna var naboane på plass med t-skjorter med slagord på. Men utan godkjenning av reguleringsplanen kunne det ikkje bli noko Oseana, som det var større semje om, på nabotomta på Mobergsneset.

- Som motstandar av byggehøgda på Os Sjøfront var eg matt etter den lange runden om reguleringsplanen. Då vi kom til saka om byggestart for Oseana la eg fram forslag til vedtak om ikkje å starta før finansiering var på plass. Dette blei stemt ned med 34 mot mi eine stemme.

Så kom ein appell frå posisjonen om at det å visa til eit samrøystes vedtak ville senda eit tydeleg signal til staten og kanskje vera med på å auka sjansen for statleg støtte. Keys ombestemte seg og stemte subsidiært for.

- «Kva skjedde no», tenkte eg i det det vedtaket blei klubba. Eg følte at eg i eit svakt sekund hadde gjeve etter for gruppepress, ikkje frå eigen partipolitisk gruppe, men frå politikarane i posisjon.

- Feil av oss å starta
Arbeidet med å skaffa finansiering held fram, men oppgåva har med kostnadssprekk og manglande statleg støtte blitt større.

- Det var feil å vedta byggestart før alt var på plass. Sjølv om mi stemme ikkje ville hatt noko å seia for vedtekta, angrar eg på at eg var med på å gjera vedtaket samrøystes.

Ho presiserer at ein ikkje kan skulda på nokon annan enn seg sjølv, og synes Søviknes sine utspel i pressen den siste veka er lite konstruktive.

- Du går tar ikkje ein sånn risiko med kommuneøkonomien for så å skulda på andre når det ikkje går vegen.

- Oseana blir den nye storstova i Os, og det er flott, men no må vi som eit samla kommunestyre trø varsamt og stå saman for å feia opp igjen rotet som er skapt.

- Eg ventar fleire økonomiske sprekker og store utfordringar når det gjeld drift og vedlikehald, men dette må ikkje gå utover primærtilboda i kommunen.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.