Meining | 25. okt. 2022

AP og SP set omsorgsbustadar i fare

Lesarinnlegg: Statsbudsjett frå AP/SP-regjeringa er ikkje lysteleg lesing, verken for næringsliv eller folk flest.

AP og SP set omsorgsbustadar i fare
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. okt. 2022 12:39

Eit av dei mest usosiale kutta er framlegget om fjerna statstilskotet til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i 2023.

For Bjørnafjorden kommune er dette dramatisk.

Bufellesskapet for utviklingshemma på Søfteland har vore under planlegging i fleire år, og var nyleg ute på anbod. No står heile prosjektet i fare.

Utan statstilskotet på ca 50 % av investeringa må bufellesskapet truleg utsetjast.

Det same kan gjelda for mikrohusa som kommunen planlegg for vanskelegstilte i bustadmarknaden på Moberg. Her hadde ein rekna med ca 1,5 millionar kroner i statsstøtte per bueining.

Det er til no ikkje sendt søknad til Husbanken på prosjekta, og går statsbudsjettet igjennom i Stortinget vert det altså ikkje høve til å søkja statstilskot i 2023.

Dette er berre tragisk for dei som har gått og venta på eit sårt tiltrengt bu- og tenestetilbod. AP og SP rammar dermed nokon av dei aller svakaste i samfunnet. Det er usosialt og hjerterått.

Var det ikkje no det skulle bli vanlege folk sin tur?

Om kuttet i den statlege tilskotsordninga vert vidareført ut over 2023 vil det også råka utbygginga av omsorgsbustader i den gamle sjukeheimen på Lurane.

Noreg står overfor ein periode med fleire eldre, og dermed ein kraftig auke i behovet for nye sjukeheimplassar og omsorgsbustader.

Kva har dei eldre gjort som gjer at dei fortener eit slikt kutt?

For FrP er det uaktuelt å fjerna ordninga med statstilskot til sjukeheimplassar og omsorgsbustader.

Ordninga har fungert utmerka, og i regjering i 2013-2020 fekk FrP ved fleire høve utvida tilskotsramma. Det gav kommunane føreseieleg rammer for si utbygging av eldreomsorga. No er plutseleg alt usikkert.

Kva tenkjer våre lokale AP- og SP-representantar om det som no skjer i regjeringa?

Terje Søviknes
Gruppeleiar Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.