Meining | 22. sep. 2022

Raskast mogeleg ombygging av gamle Os sjukeheim

Nøgd med fleirtal for framskynda prosess på Lurane.

Raskast mogeleg ombygging av gamle Os sjukeheim
Den gamle sjukeheimen på Lurane. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. sep. 2022 19:42

Bjørnafjorden kommunestyre handsama torsdag vidare utvikling av den gamle delen av Os sjukeheim.

Innstillinga frå administrasjonen var å koma attende til saka i 2024, men sikte på rehabilitering til eit konsept med omsorg+ bustader i 2025-26.

FrP meiner imidlertid vi allereie no bør gå i gang med planlegging av framtidig bruk av sjukeheimen til omsorgsføremål.

I tillegg til eit omsorg+ konsept bør ein også vurdera om det kan leggjast inn fleire sjukeheimsplassar i bygget. Behovet for fleire heildøgnsplassar er allereie stort innan eldreomsorga, og vil auka ytterlegare i åra framover.

Per august 2022 syner Helsedirektoratet sin oversikt at 17 personar i Bjørnafjorden står på venteliste for langtids sjukeheimsplass.

Kommunen har trong økonomi no, men store delar av investeringskostnaden knytt til ombygginga på sjukeheimen bør væra sjølvfinansierande med tilskot frå Husbanken og husleige.

Utfordringa ligg som alltid i kostnadane knytt til drift av heildøgnsplassane. Dette må difor utgreiast vidare.

Bjørnafjorden FrP fremja difor eit forslag i kommunestyret om at man umiddelbart går i gong med planlegging av ombygginga ved Os sjukeheim, samt at det vert sett ned ei styringsgruppe som kan leie arbeidet. Etter drøfting i kommunestyret vart det semje om at formannskapet kunne fungera som styringsgruppe, og at konsept for ombyggingsprosjektet skal være klart hausten 2023.

FrPs framlegg vart til slutt vedtatt med 31 mot fire røyster (SV, 3 MDG).

Eldreomsorga har alltid hatt førsteprioritet for FrP. Bjørnafjorden FrP ser difor fram til den vidare prosessen, og at vi raskast mogeleg kan få ferdigstilt gode omsorgsbustader i den gamle sjukeheimen på Lurane.

Terje Søviknes
Gruppeleiar Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.