Arbeidarpartiet – på lag med frivilligheita
DEBATT: Frp sitt forslag ville fått alvorlege konsekvensar om det fekk fleirtal.


Kultur og idrett angår oss alle. For mange av oss er lydane frå fotballbana, lukta av klor i symjehallen og kjensla av samhald og meistring minne vi ber med oss gjennom heile livet.
Difor kan vi aldri ta for gitt alt det fine kulturen og idretten har gitt oss. Nettopp difor er haustens val så viktig – for alt dette står på spel.
I Noreg har vi ein spelmodell der Norsk Tipping og Rikstoto har einerett. Norsk Tipping er heileigd av staten, og heile overskotet går tilbake til fellesskapen – til idrett, kultur og andre samfunnsnyttige føremål. Denne modellen er avgjerande for at vi skal kunne byggje idrettsanlegg og kulturlokale i heile landet.
Til no har Norsk Tipping bidrege med over 200 milliardar kroner til fellesskapen. Det er pengar som har gitt utallege timar med aktivitet, glede og fellesskap for både store og små.
I årets tildeling fekk Vestland fylke nærmare 300 millionar kroner – 56 millionar meir enn i 2024.
Desse midlane vil gi nye anlegg og arenaer som skaper kultur- og idrettsglede for generasjonar framover.
Ein skulle tru at ei så viktig ordning hadde brei støtte blant politikarane. Men slik er det ikkje.
Framstegspartiet har gjentekne gongar føreslått å skrote heile modellen. Dei vil avvikle Norsk Tipping og opne det norske spelmarknaden for utanlandske aktørar.
Så seint som i 2023 føreslo dei følgjande på Stortinget: «Stortinget ber regjeringa oppheve spelmonopolet og avvikle Norsk Tipping AS.» Dette er forslag som ville fått alvorlege konsekvensar for frivilligheita i Noreg.
Arbeidarpartiet er krystallklare: Vi står fast ved dagens modell. Vi vil verne om den fellesskapsløysinga som sikrar milliardbeløp til frivilligheita kvart einaste år.
Framfor haustens val er det difor mykje som står på spel: FrP, det største partiet på høgresida, vil gi utanlandske spelselskap tilgang til den norske marknaden og setje kommersielle interesser framfor fritidstilbodet til barn og unge.
Arbeidarpartiet vil det motsette. Vi set fellesskapen først. Vi står på lag med idretten, kulturen og frivilligheita i heile landet.
Linda Monsen Merkesdal, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet
Benjamin Jakobsen, stortingskandidat for Arbeidarpartiet





