Lokal | 07. sep. 2019

Arbeidarpartiet seier ja til leksefri skule!

Lesarinnlegg: Det er truleg ikkje noko anna som har drepe så mykje motivasjon hos elevar som nettopp lekser.

Arbeidarpartiet seier ja til leksefri skule!
Gisle Hesjedal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. sep. 2019 06:36

Vi meiner skulen skal bidra til å utjamna sosiale forskjellar – ikkje forsterka dei. Derfor vil vi prøva ut leksefri skule.

Eit nytt skuleår er i gang. I det kommande året vil elevane læra mykje nytt og dei vil få mange gode opplevingar. Mange vil dessverre òg få dårlege opplevingar. Følelsen av manglande meistring, utilstrekkelegheit, dårleg samvit og vondt i magen. Mange foreldre vil òg få dei same følelsane, og ofte er det barnas lekser som er årsaka.

Forsking viser frå null til minimal læringseffekt ved lekser.

For å læra treng elevane vera motiverte, og dei må ha overskot til å ta i mot ny lærdom. Det er truleg ikkje noko anna som har drepe så mykje motivasjon hos elevar som nettopp lekser. Og ofte skal ein ikkje langt opp i skuletrinna før mange foreldre opplever det som svært krevjande å hjelpa.

Foreldre som skal hjelpa må òg ha overskot. Etter ein lang arbeidsdag er det langt frå alle foreldre som har overskot til å ta kampen om leksene. For mange familiar er dette ei klassisk kjelde til konflikt.

Andre foreldre har overskot til å hjelpa sine håpefulle med skulearbeidet. Konsekvensen er at lekser bidreg til å forsterka sosiale forskjellar i samfunnet. Slik bør det ikkje vera.

TV2 gjorde i fjor ei undersøking blant alle landets rektorar. I overkant av 160 skular var heilt eller delvis leksefri. 20 % av rektorane oppgjer at elevane får betre resultat utan lekser. Berre 1 % oppgjer at resultata vert dårlegare. Dei fleste oppnår same resultatet utan lekser, som det dei gjorde med lekser.

Kva betyr leksefri skule i praksis?

Leksefri skule betyr at skulearbeidet i hovudsak skal gjerast i skuletida. Det vil framleis vere behov for at elevane gjer noko heimearbeid, til dømes øving til prøvar, eller oppgåver dei ikkje blei ferdig med i løpet av skuledagen. Lesing vil det alltid vere behov for at ein øver på heime. Heilt frå barna er små er det viktig at foreldra les for dei, og når barna lærer å lese er det viktig at foreldre les saman med dei.

Med leksefri skule vil barna lese minst like mykje heime som dei gjer i dag. Nokon les kanskje Harry Potter, andre les Pippi Langstrømpe, ein les om dinosaurar, ein annan om hestar, og kanskje er det nokon som les Illustrert Vitenskap eller i lokalavisa.

Barnas framtid står og fell ikkje på at heile klassen har lest side 17-19 i den same boka til i morgon. Det viktigaste er at dei les, og at dei finn glede ved lesinga. Då kjem motivasjonen, då kjem lærelysta, og då forsvinn klumpen i magen.

Arbeidarpartiet meiner at skulen skal bidra til å utjamna sosiale forskjellar – ikkje forsterka dei.

Vi vil at alle elevane skal oppleva trivsel, motivasjon og meistring i skulen. Då lærer og utviklar elevane seg best. Derfor vil vi at Bjørnafjorden skal prøva ut leksefri skule.

Gisle Hesjedal
4. kandidat, Bjørnafjorden Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.