Politi | 14. mars 2022

Arbeidsgjevar reagerte - promilletest gav utslag

Steinkasting, slåsting og forsøk på promillekøyring i helga.

Arbeidsgjevar reagerte - promilletest gav utslag
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. mars 2022 09:09

Fredag litt før klokka 15, då ein tilsett skulle køyra bil, kontakta arbeidsgjevar politiet. Han hadde reagert på åtferda til arbeidstakar.

– Patruljen rykte ut og tok alkotest. Den gav utslag, og den tilsette blei henta av far sin, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Kasta stein på bil på Halhjemsvegen

Laurdag klokka 15.35 fekk politiet melding frå ein bilist som hadde køyrd på E39 Halhjemsvegen då bilen hans blei treft av ein stein.

– Det viste seg at ein gut hadde stått på ei av bruene over Halhjemsvegen og kasta stein.

Bilførar vurderer å melda saka.

Førarkortbeslag etter ustabil køyring

Søndag i 14.50-tida blei ein bilist stoppa på Byvegen.

– Han køyrde ustalit, og blei tatt med for blodprøve.

Bilførar er ein mann i 60-åra.

– Det er tatt beslag i førarkortet hans.

I 04-tida natt til søndag tok politiet skilta på ein bil som var innom 7 Eleven. Bilen mangla EU-godkjenning.

Blødde frå leppa etter slåstkamp

Natt til laurdag fekk politiet melding om ein full, ung mann som hadde blitt nekta inngang, men vandra mellom utestadane, var ufin med vaktane og framsto som ustabil.

Politiet møtte vedkomande, ein mann i starten på 20-åra, og ein kamerat lovde å følgja han heim.

Natt til søndag var det slåstkamp i Os sentrum.

Politiet rykte ut på meldingomslåstkamp i Os sentrum natt til søndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògMann meldt etter slåstkamp i sentrum

– Dei involverte er 22 og 32 år gamle. Den eine blødde frå leppa etter slåstkampen.

Saka blir meldt.

Laurdag i 23.30-tida fekk politiet klage på feststøy på Moberg. Festen var avslutta før patruljen kom fram.

Svane med krok i nebbet

Laurdag formiddag blei politiet kontakta av eit sameige på Søfteland, som vurderer borttauing av ein feilparkert bil.

I 11.30-tida laurdag fekk politiet melding om ei skadd svane i Hagavik.

– Svana har ein fiskekrok i nebbet. Viltkontakt er varsla.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.