Lokal | 06. apr. 2020

Arealplanen: Svar til Søviknes og Bahus

Kan millionverdiar bli fjerna over natta? Har grunneigarar klagerett?

Arealplanen: Svar til Søviknes og Bahus
Fotland og Lindborg har saman med plansjef sendt svar til Frp. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. apr. 2020 12:39

Arbeidet med arealplanen for Os er inne i siste fase. Arbeidet har inkludert senterstruktur og nærsenterstruktur, noko som opnar for å bygga tettare nær både Os sentrum og definerte sentrum ute i krinsane.

Med meir byggeareal rundt nærbutikk, skule og busstopp, har summen av samla byggeareal auka. Fylkesmannen i Vestland meiner det no ligg for mykje utbyggingsareal i planen.

I midten av mars sendte Bjørnafjorden kommune brev til 66 grunneigarar med overskrifta: Informasjon til eigar av området som vert vurdert endra til LNF ved rullering av arealplan for tidlegare Os, med skjema dei ber grunneigarane fylla ut og returnera.

Bjørnafjorden Frp har reagert på brevet, og i lesarinnlegg tysdag 31. mars, og skriv til kommunen stilt fleire spørsmål:

  • Gjeld det alle eigedommar med unytta bustadareal, uavhengig av storleik?
  • Gjeld det både areal i sentrum og i krinsane?
  • Er det knytt til kva infrastruktur (veg, vatn, avløp, skule, barnehage) som er i området?
  • Eller er det nytta andre kriterier?
  • Korleis vert den vidare prosessen både administrativt og politisk?
  • Korleis vil ein plukka ut dei areala som eventuelt skal omgjerast frå bustad til LNF-område?
  • Vil grunneigarar som blir råka få uttala seg i ein ny høyringsrunde? Har dei klagerett?

Svar frå Lindborg, Fotland og Onarheim

Leiinga i Bjørnafjorden kommune, ordførar, kommunedirektør og plansjef, har sendt dette svaret:

Vi opplever at det vert stilt 5 spørsmål til kommunedirektøren frå FRP.

1. Kriterie for utveljing av eigedomar:

Den 06.02.2020 fekk Plan- og bygningsutvalet orientering om prosessen for handsaming av KPA, sak 26/2020. I dette møtet vart det nye utvalet orientert om føringane for planarbeidet, herunder vedtaket om at bustadareal i gjeldande plan ikkje skal takast ut. Deretter vart utvalet orientert om at Fylkesmannen krevjar at kommunane gjer ein vurdering av eldre areal, og at det var opp til utvalet å ta stilling til desse areala vart vidareført i ny plan.

Administrasjonen presenterte fleire vurderingskriterie som kunne nyttast ved ein slik gjennomgang, og foreslo at områder som skåra på 3 eller fleire av følgjande kriterie, vart skulle vurderast av utvalet:

K1: Områder utanfor senterstrukturen som ikkje er utbygd.
K2: Områder utan god infrastruktur eller uløyselege rekkefølgjekrav innan planperioden. · Område som ikkje har trygg skuleveg. · Område utan offentleg vatn og avlaup
K3: Område som har lagt inne som utbyggingsområder i 15 år utan at det har skjedd noko.
K4: Område som er for bratt for utbygging/ rasutsatt.
K5: Område som er flaumutsatt.
K6: Etablerte område som alt er ferdig utbygd.
K7: Uregulerte område.

Administrasjonen var tydeleg på at det ikkje ville vere automatikk i at områda skulle ut om dei skåra på fleire kriterie, men planen truleg går til mekling om bustadreserven utanfor senterstruktur ikkje vert redusert. Kriteria var eit verkemiddel for å avgrensa talet på områder som skulle leggast fram for utvalet. Utvalet skulle deretter ta stilling til om, og kva område, som skulle vidareførast eller ikkje. Med utgangspunkt i tilråding frå administrasjonen ville alle eldre områder som skåra på inntil 2 kriterie bli vidareført utan politisk handsaming.

Utvalet debatterte temaet og gjorde følgjande vedtak:
«Plan- og bygningsutvalet vedtar at arbeidet med ny arealplan for Os skal fortsette som kommunedelplan for Bjørnafjorden kommune. Utvalet tek administrasjonen sine framlegg til vurderingskriterier for offentlege fråsegn og private merknader til førebels orientering og at dette vert lagt til grunn for det vidare arbeidet i administrasjonen. Resultatet av arbeidet i administrasjonen vært så lagt fram for utvalet til endeleg politisk handsaming.»

Utvalet avgrensa dermed ikkje kva areal som skulle leggast fram politisk i vurderinga av vidareføring eller ikkje.

Det er til saman 66 område som vert vurdert. Desse oppfyller følgjande kriterie:

  • ligger utanfor senterstuktur
  • utgjer ubebygd areal på om lag 3 daa eller større
  • utbyggingsarealet har ligget i arealdelen til kommuneplanen i minst 2 rulleringar

Administrasjonen meiner det er viktig at utvalet får opplysningar om dei samfundsøkonomiske investeringane som er gjort på desse eigedomane og kva grunneigar sjølv ser føre seg av utvikling, i tillegg til dei kriterie som er nemnt i sak 26/2020. Plansjefen opplyste utvalet om informasjonsbrevet i utvalsmøtet den 12.03.2020. Det er ikkje eit krav om slik varsling, men administrasjonen meinte det er god forvaltningsskikk og sørvis, å gjere dette når omfanget er avgrensa som i denne saken. Administrasjonen ønskjer dialog og eit best mogleg grunnlag for handsaming i utvalet. Dialog med grunneigarane vil bidra til dette. Informasjonsbrevet er eit forsøk på å skape slik dialog.

Planavdelinga har mottatt 15 telefonar og rettleia om prosessen.

Dei som har bedt om utsett frist har fått dette. I tillegg har fleire svar på spørjeskjemaet.

2. Den vidare prosessen både administrativt og politisk.

Administrasjonen vil førebu alle 66 områda for politisk behandling og ha dialog med dei grunneigarane som svarer brevet.

Administrasjonen vil gjere tilråding basert på dei føringane som vart presentert i sak 26/2020, og gi tilråding for kvart areal. Dersom arealet er egna til andre formål som f. eks næring, vil utvalet få dette opplyst.

Utvalet vil måtte ta stilling til om areal skal vidareførast eller ikkje. Utvalet vedtok framdriftsplan i møtet den 12.3.2020, sak 69/2020.

Administrasjonen rådde til følgjande møter:
1. Private innspel – senterstruktur og bustad (12. mars 2020)
2. Private innspel – infrastruktur, næring og strandsona, m.m. (19. mars 2020 – avlyst grunna smittevernstiltak)
3. Offentlege fråsegn – motsegn (16. april 2020)
4. Arealrekneskap – ny vurdering av gamle bustadområde. (23. april 2020)
5. Gjennomgang reviderte føresegner og planskildring. (14. mai 2020).

Denne vil truleg måtte skyvast noko grunna smittevernstiltak.

Administrasjonen førebur likevel saker til handsaming etter oppsett plan, for å oppretthalde framdrift.

3. Spørsmål om ny høyringsrunde

Om eit område ikkje vert vidareført, er det ikkje krav om ny høyring. Grunneigar har fått uttale seg forut for handsaming i utvalet og er difor høyrt i saka.

Når alle nye private innspel, alle offentleg fråsegn og motsegn og alle gamle utbyggingsområde er vurdert på nytt, skal plan, føresegner og planomtale reviderast. Det er omfanget av endringar som seier noko om heile planen må ut på ny høyring, eller om det blir avgrensa høyring. Alle motsegn-instansar må uansett få planen på ny høyring. Administrasjonen meiner det er naturleg at dei områda som ikkje vert vidareført får informasjon om dette når saka er handsama i utvalet.

4. Har grunneigar klagerett

Det er ikkje klagerett på avgjerda om å ikkje vidareføre eit arelformål ved rullering av KPA.

5. Informasjon på heimesida

Når det gjeld å informere og legge ut informasjon på kommunen sine heimesider, er dette viktig, og noko me heile tida kan bli betre på.

Vi vil gjere opplysningane om prosess og framdrift tilgjengeleg på nettsida til kommunen.

Trine Lindborg
Ordførar

Christian Fotland
Kommunedirektør

Jannicke Sem Onarheim
Plansjef

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.