Årets første regatta

Det blei mange gode plasseringar for roarane i Os Roklubb på deira første regatta i 2015.

Denne blide gjengen gjorde ein god innsats under årets første regatta. (Privat foto)
Kari M. Lyssandfredag 08. mai 2015 10:07

Fredag 1. mai stilte Os Roklubb opp i regatta i Alvøen og av Alvøen Roklubb.

Dette er årets første regatta for gjengen frå Os og dei stilte med fleire unge, talentfulle roarar.

Siger i junior D

Det blei siger på Håvard Askvik i Junior D singelsculler. Han vann foran klubbkameratane Lars Erik Vevatne, Johannes Klyve Forsbø og Mikael Ottesen. Desse fire gjekk òg av med sigeren i Junior D firar.

Matilde Ottesen Hustad, Oscar Samdal og Espen Hauge var med i nybyrjar/open klasse og alle dei tre rodde 300 meter singelsculler.

3. plass til Lars M. Haukeland

For Lars Moberg Haukeland blei det 3. plass i Junior C singelsculler, medan han rodde inn til ein 4. plass i dobbelsculler saman med Espen Hauge.

I Junior B klassen singelsculler rodde Odin Hjelm Sørstrønen inn til ein 4. plass i A finalen, medan Aleksander Haaland Hillestad tok 4. plass i B finalen.

Saman tok Odin og Aleksander ein 4. plass i dobbelsculler.

Resultat

Nybyrjar/open klasse, 300 meter:
Matilde Ottesen Hustad, 1,48,4
Oscar Samdal, 2,11,2
Espen Hauge, 1,19,2

Junior D singelsculler, 500 meter:
Håvard Askvik, 3,34,3 (1.plass)
Lars Erik Vevatne, 3,43,1 (2. plass)
Johannes Klyve Forsbø, 3,57,2 (3. plass)
Mikael Ottesen Hustad, 4,49,6 (4.plass)

Junior D firer, 500 meter:
Askvik/Vevatne/Forsbø/Hustad: 3,17,1 (1. plass)

Junior C singelsculler, 500 meter:
Lars Moberg Haukeland, 3,21,2 (3. plass)

Junior C dobbelsculler, 500 meter:
Espen Hauge/Lars Moberg Haukeland, 3,21,8 (4. plass)

Junior B singelsculler, 500 meter:
Odin Hjelm Sørstrønen, 2,38,5 (4. plass, A finalen)
Aleksander Haaland Hillestad, 3,02,9 (4. plass B finalen)

Junior B dobbelsculler, 500 meter:
Hillestad/Sørstrønen, 2,42,0 (4. plass)

Os Roklubb

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.