Ariel med vidare på landslaget
Ariel Braathen er tatt ut på seniorlandslaget for kommande sesong. No venter nordisk og VM kortbane.
Etter eit tøft vårprogram har svømmetalentet Ariel Braathen hatt ein rolig sommar og fått lada batteria godt. Tidlegare denne veka fekk ho den gledelege beskjeden frå svømmeforbundet om at ho er ei av tre frå Bergen som er tatt ut til seniorlandslaget sesongen 2016/17.
– Det er klart det var ein god beskjed å få. Det betyr mellom anna at eg reiser til Bulgaria på treningsleir 17. september og på høgdeopphold i Sierra Nevada litt seinare i haust, fortel Ariel til Midtsiden.
Satsar mot Tokyo
Ariel Braathen var allereie som 14 åring offensiv og sa at ho skulle svømme OL. OL i Rio var målet den gongen, men slik blei det som kjent ikkje. No satsar ho vidare mot Tokyo om fire år.
– Det er det langsiktige målet. No har eg fire år på meg til å hauste meir erfaring og å trene godt.
Blant stemna ho skal hauste erfaring frå i haust er er Nordsjøstemnet, Nordisk junior og seniormeisterskap og VM kortbane.
Skal trene i Os
Svømmetalentet har den siste sesongen lagt all treninga til ADO Arena i Bergen. I haust gjer ho ei lita justering på opplegget.
– Eg kjem til å ha ei økt i veka heime i Osbadet. Kvar torsdag skal eg trene med gamletrenarane mine, Thomas (Harlem, journ.mrk) og Elin (Austevoll, journ.mrk), fortel Ariel.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.