Sport | 28. sep. 2014

Ariel sette ny norsk rekord!

Ariel Braathen (15) slo søndag den 7 år gamle rekorden for junior på 50 m bryst. Helga blei avslutta med besøk på Alexander Dale Oen si grav.

Ariel sette ny norsk rekord!
Ariel Braathen tok 8 gull og sette ny norsk rekord, den første rekorden i ADO Arena, i dag, søndag 28. september. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. sep. 2014 17:46

I helga var det tid for det første svømmestemnet i nye Alexander Dale Oen Arena i Bergen.

Bergens Svømme Club var arrangør av SpareBank1 SR-bank cup, årets siste langbanestemne, og Ariel Braathen frå Os imponerte på heimebane.

I vår var ho med på å setja to nye rekordar på stafett, i senior-NM, i juli tok ho gull og bronse i senior-NM langbane og i dag sette ho ny norsk junior-rekord, den historiske første noregsrekorden som er sett i ADO Arena.

– Det gjekk ikkje lang tid etter målgang før det blei stadfesta at det var ny norsk rekord. Det blei mykje jubel, det var utruleg gøy, seier Ariel til Midtsiden.

Ariel svømte 50 meter bryst på 32:75 og slo med det Katharina Stiberg (25) sin rekord for junior, 32:84, frå juli 2007.

Ho svømte i tillegg inn til ny personleg rekord på 100 meter bryst og tok til saman 8 gull i SpareBank1 SR-bank cup.

Knappe to sekund frå seniorrekorden

Ariel har ikkje berre fire sesongar igjen til å finpussa på juniorrekorden sin, ho er nok også svolten på å slå Siberg sin seniorrekord frå 2009, på 31:09.

Verdsrekorden for senior er på 29,80 og blei sett av amerikanske Jessica Hardy i 2009.

Besøkte grava til forbildet sitt

Det store svømmetalentet frå Søfteland, som no går sisteåret på ungdomsskulen, fekk ikkje møta Alexander Dale Oen før han døydde.

– Han skulle besøka klubben vår etter OL i London, dessverre blei det ikkje slik.

– Han er likevel mitt store forbilde og i dag, etter svømmestemnet var eg og besøkte grava hans. Eg plar gjera det etter store stemne, viss eg har gjort det bra, og i dag, etter det første stemnet i ADO Arena, føltes det rett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.