Motor | 20. okt. 2025

Arrangerer damedag på crossbanen

Vil ha fleire vaksne damer på to hjul.

Arrangerer damedag på crossbanen
F.v.: Ariel køyrer motorcross frå før. Mamma Ann Mari Lian blir lokka av Daniela E. Mala til sjølv å prøva seg på motorsykkel. Saman med andre som vil. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Elin Johnsen
Elin Johnsenmåndag 20. okt. 2025 09:36

Søndag inviterer Os MC & MX Klubb til damedag på motocrossbanen.

Her får jenter og damer frå 13 år og oppover sjansen til å prøve seg på to hjul – heilt utan press.

Fekk idéen på sidelinja

Initiativtakar Daniela Elvebakk Mala fortel at idéen dukka opp under ei av mange Vestcup-helger, då ho såg kor mange mødrer som likevel var med på tur, hadde det kjekt og sat og heia.

– Eg sat der og tenkte: Hadde det ikkje vore kult om vi sjølv stilte til start i dameklassen? seier ho.

Ho har sjølv køyrd motocross i fleire år, men måtte ta ein lengre pause på grunn av helsa.

– Torsdag var eg tilbake på sykkelen igjen. No håper eg at fleire damer får lyst til å bli med, fortel Daniela.

– Eg er redd, men eg melder meg på

Første påmeldte til damedagen er allereie på lista. Med tvil og håp.

– Eg er jo ei av dei mødrene Daniela siktar til, og eg synest det er eit flott initiativ, seier Ann Mari Lian.

Dottera Ariel køyrer aktivt, Ann Mari står og ser på.

– Sånn blir det jo i fleire år, ungdomane får ikkje lov å reisa åleine før dei er 18. Eg er jo redd for ho når eg står og ser på, og eg kjem til å vera redd når eg skal køyra sjølv.

– Men kanskje får eg betre forståing for sporten, og mindre frykt, om eg køyrer litt sjølv, seier Ann Mari og ler.

Lågterskel og sosialt

Ho seier både klubben og ho sjølv ønskjer å byggje opp eit større miljø for jenter og damer i sporten.

– Vi har fleire flinke jenter i klubben, men få vaksne damer.

– Eg starta sjølv då eg var 30 – så det er aldri for seint! Ikkje alle treng å bli verdsmeister.

Daniela blåste sjølv støv av gamle kunstar torsdag. Ho gjekk varsamt fram, men smilte briedt då ho var i mål. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Daniela blåste sjølv støv av gamle kunstar torsdag. Ho gjekk varsamt fram, men smilte briedt då ho var i mål. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– Det handlar om å ha det kjekt på sitt eige nivå og vere sosiale saman, seier ho.

Damedagen blir ein lågterskel-dag der deltakarane kan møtast, få rettleiing av aktivitetsleiarar og – om dei vil – prøve seg på startsletta og på banen.

Klubben stiller med både utstyr og nokre syklar til utlån, og håpar på besøk.

Gubbedag for damer?

– Målet er å få fleire jenter og damer inn i miljøet, slik at vi etter kvart kan ha eigne treningar og kanskje ein fast damedag, seier ho.

Klubben har allereie ei fast økt for «seniorane» fredagane.

– Der seg eg fleire vaksne menn ha det veldig kjekt i lag, av og til er dei oppe i 20. Tenk om vi damene kunne blitt mange nok til å bli ein del av dette, eller kanskje til og med fått vår eigen dag.

Damedagen på søndag er open for alle jenter og damer frå 13 år og oppover. (Yngre jenter stiller som ordinære medlemmar.)

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.