Motor | 20. mai 2023

MC-klubb med gåve til MC-klubb

Thorsmen og Valkyrie Thorsmen svingte innom Kolskogen fredag.

MC-klubb med gåve til MC-klubb
Vidar Havsgård frå Os MC & MX klubb fekk i går besøk av Valkyre Thorsmen. (Foto: Thorsmen MC)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. mai 2023 11:33

Fredag ettermiddag kom fleire medlemmar av Thorsmen MC buldrande ned på øvingsfeltet til Os MC & MX klubb.

To av dei er medlem kvinnechapteret Valkyrie Thorsmen, og hadde med seg ei gåve.

– Vi samlar inn pengar, blant anna via Grasrotandelen til Norsk Tipping, både i Valkyrie Thorsmen og i Thorsmen Cares, seier Gry Estensen.

Ho er president (styreleiar) i begge.

– Frå Thorsmen Cares gir vi pengar ut av landet, for eksempel til barneheim i Thailand. Frå Valkyrie Thorsmen ønskjer vi å gi støtte til nokon som gjer ein innsats for barn og ungdom.

Havsgård saman med presiden Estensen og visepresident Aasheim. (Foto: Thorsmen MC)
Havsgård saman med presiden Estensen og visepresident Aasheim. (Foto: Thorsmen MC)

Thorsmen er også representert i Bergen, og har nyleg også starta chapter i Bjørnafjorden.

Estensen spurde nokre av brørne i Thorsmen om råd, og fekk Os MC & MX klubb som kandidat.

– Eg har inntrykk av at dei har drive eit godt arbeid for unge og ungdom over tid, seier medlem i Thorsmen MC Bjørnafjorden, Odd Sture Johansen.

Han stilte saman med presidenten i Thorsmen Bjørnafjorden, Richard Haugland, og visepresidenten i Thorsmen Bergen, Tore Riise.

Valkyrie Thorsmen MC hadde i går med seg ein sjekk på 10.000 kroner til Os MC & MX klubb.

– Dette var ei veldig hyggeleg overrasking, seier Vidar Havsgård.

Han og sønene var på trening fredag, og var med på å ta imot gåvesjekken.

Pengegåva skal brukast til siste del av innreiinga av nytt rom i klubbhuset. (Foto: Thorsmen MC)
Pengegåva skal brukast til siste del av innreiinga av nytt rom i klubbhuset. (Foto: Thorsmen MC)

– Vi held på å pussa opp klubbhuset, og har jobba mykje dugnad den siste tida. No står det igjen nokre oppgåver som vi må leiga inn fagfolk til å ta, noko elektrisk, så timinga for ei gåve var også veldig god.

Formann Helge Olav Nygard var ikkje med på mottakinga, men fortel at gåva kjem mange barn og unge til gode.

– Vi har hatt veldig bra rekruttering etter pandemien, og har 117 medlemmar. Rundt 70 av dei køyrer aktivt.

– Oppussinga av klubbhuset handlar om å innreia eit opphaldsrom i andre etasje. Når dette er ferdig har vi betre fasilitetar til å ha det sosialt også under tak, før og etter køyring, samtidig som foreldre og søsken har ein fin plass å venta mens utøvarane er på banen.

Mattias Eide motocross.
Les ògNy generasjon i luftig leik på motocrossbanen

Valkyrie Thorsmen MC er glade for å kunna bidra.

– Thorsmen er ein fin fellesskap for vaksne som køyrer på veg, vil utveksla erfaringar og mekaniske tips. Det er kjekt å bidra til motorsport, og spesielt til andre som køyrer på to hjul, seier Estensen.

Valyrie tel foreløpig ikkje mange kvinner, og medlemmane er spreidde frå nord til sør i landet.

– Vi deltar på arrangement og turar med gutane i Thorsmen, men eg er glad for at vi også har denne kvinnelege fellesskapen å bygga vidare på, seier Estensen.

Ho er sjølv frå Finnsnes, men er sørover i fleire ærend, og kom til Os saman med klubbsøstera Randi Aasheim frå Arna for å overrekka gåva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.