Fotball | 21. sep. 2010

Årsbeste med 10 mann

Søre Neset hamna under, utlikna og fekk Emilis utvist i første omgang. Også andre lag frå Os gjorde det bra i helga.

Årsbeste med 10 mann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. sep. 2010 11:27

Søre Neset hamna under i 3. minutt, utlikna i 7. minutt og fekk ein mann utvist i 25. minutt. Likevel klarte dei å ta fullstendig over i gårsdagens heimekamp mot Fitjar, som dei til slutt vann 6-2.

- Vi må vinna alt for å ha håp om opprykk, men då eg såg at vi måtte spela dei 65 siste minutta med 10 mann så såg eg mørkt på situasjonen, innrømmer trenar Morten Øvrebø.

1-1 heldt seg til pause, men så tok det 10 mann sterke heimelaget fullstendig over.

- Eg skjønte knapt kva som skjedde på banen, spelarane løfta seg noko enormt, styrte kampen, skapte sjansar og fekk utteljing. Etter kampen måtte vi rett og slett berre gratulera kvarandre, i tillegg fekk eg fleire gratulasjonar på sms om kvelden frå folk som seier dei aldri har sett Søre Neset så gode.

Remi og Anders med to kvar
Anders Kinden skåra Søre Neset sitt einaste mål i første omgang, broren Tore gav heimelaget leiinga i 51. minutt. Øystein Lien auka til 3-1 (64), Remi Lindborg skåra 4-1 og 5-1 måla (72. og 81.) medan Anders Kinden, som starta festen, avslutta med 6-1-skåring i 86. minutt.

Fitjar sitt trøstemål kom rett før slutt.

Desse spelte frå start (4-3-3, 4-3-2 etter utvisinga): Anders Kloven, Frank Haugland, Ørjan Håland, Emilis Zilinskas, Kjetil Henriksen, Anders Kinden, Andreas Pettersen, Øystein Lien, Torbjørn Hjelle, Tore Kinden og Ørjan Hellesund.
Innbytarar med speletid: Robin Hjertnes, Remi Lindborg, Lars Martin Høyvik og Daniel Halhjem.

SJÅ TABELL

Resultat frå helga, andre lag frå Os kommune
18.09.10 Lysekloster 2 - Ragnarok: 2-0 (7. div)
19.09.10 Galgen - Nore Neset: 0-3 (7. div)
19.09.10 Søfteland - Rong: 4-2 (7. div)
19.09.10 Stord - Os: 6-2 (junior elite)

I 7. divisjonsavdelinga som dei tre Os-laga speler i toppar Søfteland framleis tabellen med 27 poeng. På 2. plass ligg Nore Neset med 21 poeng og på 3. plass finn vi Lysekloster 2 med 20 poeng. Vi treng ikkje reisa langt for å besøka laget på 4. plass heller, der ligg nemleg Njardar/Tysnes med 17 poeng.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.