Sport | 18. mai 2010

Årsbeste og snuoperasjon

- Det gjekk frå årsverste til årsbeste på to minutt, seier trenar Morten Øvrebø om Søre Neset-siger nr 5 av 5.

Årsbeste og snuoperasjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. mai 2010 11:45

Søre Neset held fram sigersrekka, men laurdag 16. mai starta det dårleg på bortebane mot Vadmyra 2.

- Etter seks minutt låg vi under 2-0. Misforståing i midtforsvaret og dårleg tilbakespel gav heimelaget to store sjansar som dei skåra på, samstundes søv vi offensivt.

- Eg byrja å lura på om det var slutt på den gode trenden vi har vore inne i, men så leverte vi plutseleg eit spel som høyrer heime i minst éin divisjon opp, seier trenar Morten Øvrebø.

Søre Neset overtok fullstendig, klarte 2-2 til pause og vann komfortabelt 3-6.
Emilis Kazinskis og Tore Kinden skåra to kvar, Anders Kinden og Kjetil Henriksen (straffe) eitt kvar.

Emilis og Tore skåra annakvar gong, 2-1 Emilis (11. minutt), 2-2 Tore (28.), 2-3 Emilis (52.), 2-4 Tore (64.) før Anders Kinden sette inn 2-5 (77.) og Kjetil Henriksen 2-6 (straffe i 85. minutt). Vadmyra 2 reduserte til 3-6 på overtid.

Søre Neset sitt lag frå start (4-3-3):
Anders Kloven - Ørjan Bakke, Audun Røren, Kenneth Hufthammer, Frank Haugland - Emilis Kazinskis, Andreas Pettersen, Ørjan Håland - Anders Kinden, Tore Kinden og Kjetil Henriksen.
Innbytarar med speletid i kampen: Øystein Lien, Jan, Daniel Halhjem.

SJÅ TABELL

Fleire ute med skade
Søre Neset kunne feira 15 av 15 moglege poeng i helga, men veit samstundes at det er fleire tøffe kampar i vente. Og at dei må kjempa vidare med redusert stall.

- Vi hadde fleire som måtte stå over denne bortekampen, og dessverre ny skade i kampen.

- Ørjan Håland, som var tilbake i denne kampen, fekk problem med strekken sin igjen og måtte av banen etter 60. minutt. Han er truleg ute resten av vårsesongen, er vi heldige får vi han med i toppkampen mot Krabbetor 10. juni.

Fekk skryt
Sjølv om Øvrebø må halda fram utan å ha alle spelarane tilgjengeleg, trur han Søre Neset kan halda fram med å vinna.

- Vi var så gode laurdag at eg ser at vi har ein del å gå på i forhold til andre lag. Det kom til og med spelarar frå Vadmyra 2 inn i garderoben vår etter kampen for å skryta. Dei sa dei ikkje hadde møtt liknande motstand nokon gong.

Vadmyra 2 tapte 2-3 for Krabbetor heime, ein kamp dei spelte delar av med 10 mann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.