Årsbeste og sølv i nordisk

Arne Hadler-Olsen og Mattias Haugland tok, saman med seks roarar frå Fana og Bergen, sølv i nordisk meisterskap i roing.

Mattias og Arne med kvar sin sølvmedalje frå nordisk meisterskap i Stockholm i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juli 2013 10:14

I helga blei nordisk meisterskap i roing arrangert i Stockholm.

Svenskane vann på heimebane, Danmark kom på 2. plass og Noreg på 3. plass samanlagt.

I åttar blei det sølv og juniorlandslaget, som består av to roarar frå Os og seks frå Fana og Bergen, leverte årsbeste med tida 5,58,5 på 2000 meter og var berre 0,7 sekund frå siger.

– Dei gjekk knallhardt ut frå start og leia dei første 1500 meterane. Innspurten blei tett og jamn, men danskane var så vidt framfor ved målgang, seier trenar Audun Hadler-Olsen.

Laurdag rodde Arne og Mattias i kvar sin dobbelfirar i Nordic open regatta, og kom på 2. og 5. plass.

No ventar ei veke med treningsleir i Danmark somblir avslutta med internasjonal regatta 6. og 7. juli.

Åttaren besto av:
Mattias Nikolai Haugland (Os Roklubb)
Knut Jonas Fevang (Fana Roklubb)
Adrian Stragiotti (Fana Roklubb)
Didrik Wie-Soltvedt (Bergens Roklubb)
Petter Bang Andreassen (Fana Roklubb)
Arne Hadler-Olsen (Os Roklubb)
Tor Hellebø (Bergens Roklubb)
Johannes Jansen Heggebø (Fana Roklubb)
Ulrik Wie-Soltvedt (Bergens Roklubb), cox

Dobbelfiraren som fekk sølv:
Petter Bang Andreassen (Fana Roklubb)
Arne Hadler-Olsen (Os Roklubb)
Tor Hellebø (Bergens Roklubb)
Johannes Jansen Heggebø (Fana Roklubb)

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.