Artistfellesskap speler inn Os-songen

Ei rekkje vokalistar og musikarar frå Os går saman om å hylla heimbygda si.

Carina Blålid saman med nokre av musikarane i prosjektet, f.v.: Øystein Skorpen, Jon Søfteland Sæbø og Ole Amund Gjersvik. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mai 2015 20:01

Bildeserie:

I går var Gina Aspenes og Vegard Skorpen i studio i Allakten i Os. (Privat foto)
Grunnmelodien blei spelt inn hos Tomtom (t.h.) 16. mai. (Privat foto)
I går var Gina Aspenes og Vegard Skorpen i studio i Allakten i Os. (Privat foto)
Grunnmelodien blei spelt inn hos Tomtom (t.h.) 16. mai. (Privat foto)
1 av 2
Grunnmelodien blei spelt inn hos Tomtom (t.h.) 16. mai. (Privat foto)
I går var Gina Aspenes og Vegard Skorpen i studio i Allakten i Os. (Privat foto)

– Eg har alltid hatt eit forhold til den låta, heilt frå då eg flytta til Os då eg var seks år. Eg hugsar teksten (sjå heile teksten i botnen av artikkelen) hang på veggen hos bestefaren min, seier vokalist Carina Blålid.

Oslo-dialekta har Carina halde på, men bygdesongen som Nils Tveit har skrive til Os, med melodi av Henrik Lyssand, meiner ho er ein av dei finaste norske låtane som er laga.

Det var i samtalar med med venane Tord Søfteland (far til Eirik Strønen Søfteland) og Vegard Skorpen at ideen kom opp.

– Eg har alltid hatt lyst til å spela inn låta, det same hadde Tord og Vegard. Så tenkte vi, låta er så stor, kvifor ikkje samla inn ei større gruppe med musikarar? fortel ho.

Invitasjonen til å «bli kjent med kvar gard og kvar grend på nytt» gjekk ut.

– Alle var positive

Etter eit døgn hadde dei et heilt A4-ark fylt med namn på lokale musikarar dei ville invitera.

– Alle eg snakka med var positive. Nokre speler ulike instrument, andre er med som solistar og i kor. Vi vil også ha med eit barnekor, seier Carina.

Ho presiserer at dei førebels er i ein tidleg fase og vil førebels ikkje gå ut med noko artistliste. Det er til no heller ikkje alle på lista dei har vore i kontakt med.

– Prosessen har til no vore både morosam og krevjande. Det dukkar opp mange idear, men også mange meininger, når du samlar osingar om noko som står dei så nær.

Studio og video

Carina har vore i dialog med fleire, også lokale filmfolk, for å få presentert låta også i levande bilde.

– Målet vårt med dette unike prosjektet er å framheva det yrande musikklivet som eksisterer rundt omkring i Os, der songen fungerer som bakteppe for samarbeidet. Videoen skal i hovudsak visa den fine naturen i bygda, som blir så godt skildra i bygdesongen.

– Ossongen var viktig for folk under andre verdskrig og den er viktig for osingar i dag, den har ein stor plass i stadig fleire hjarte.

Musikarar var 16. mai i studio og spelte inn grunnmelodien.

– Vi spelte inn i studioet til Thomas «Tomtom» Haugland frå Os. Han er heilt fantastisk å jobba med, seier Carina Blålid.

– I går var Gina Aspenes i studioet i Allakten. Ho er jo som fødd til å synga Os-songen.

Les òg: – Eit godt musikkmiljø i Os

••••••••••••

Song til Os (Os-songen)

Tekst: Nils Tveit
Melodi: Henrik Lyssand

Det ligg ei bygd millom fjordar og fjell,
den vænaste nokon kann sjå.
Den fagre bygdi me kjenner so vel,
og henne held me ut'å.
Me kjenner kvar gard og me kjenner kvar grend,
og folket som bur der i dal og på strend.
For oss ligg den bygdi i strålande ljos,
for det er vår heimbygd: Os!

Som hovding i bygdi sit Møsnuken grå
og ser over grenderne ut.
Men Lyshorn stend ikkje langt der ifrå,
det er so fager ein gut.
Stor-Svinningen, Reinfjell og Gråfjell so traust
stend skume og svarte og skodar mot aust,
men Store-varde ser ut i vest
som vaktmann mot ufredsgjest.

Her Osdalen breider seg skoggrøn og fin
frå "Øyro" til Raudliskard.
Her Nesjane lyser og Solstrandi skin
med grender og gard etter gard.
Her Hegglandsdal gjøymer seg burt under lid,
og Øyane voggar i vestanvind blid,
men utanfor alle, med havdyn og makt
gjeng Krossfjord og Bjørnafjord vakt.

Men Lysefjord smyg seg frå brotsjø og brann
og stoggar so mild og blid,
der stordomsminne han syna oss kann
frå gamall og nye tid:
Der Runolv han reista til æra for Krist
og heider for kyrkja sitt kloster for visst,
der Lysøy ho strålar som glimande gull
med minnet um vår Ole Bull.

Me elskar den bygdi som var og er
vår lengting kva leid me fôr,
og alltid ho vert oss meire kjær
med heimen og heimsens jord,
med vollar og bakkar og åker og eng,
og skogen som sveiper si kåpa ikring.
Dei alle syng oss det same ord:
Her trør me på heilag jord!

Her far hev stræva og rydja og bygt
i truskap mot heim og land.
Her mor hev varna oss alle so trygt
og teke oss trufast i hand.
Her ætt etter ætt hev gjenge i grav,
og lagt seg til kvild etter strider og kav.
Me takkar dykk alle, de ættar som fôr,
me signar dykk far og mor!

Vår heimbygd, du stend som den vænaste brud
med høgtidsbunaden på.
Gjev lukka i livet, du Allheims Gud,
so framgang me stødt må sjå.
Gjev signing og sæla til bygdi vår,
so fagrar' ho blømer år etter år,
lys fred over folket og før du deim
på veg til din himmelheim!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.