Cirka 150 meter av Åsen - Helleskaret er ferdig. No kjempar Os kommune for å få resten ferdig samtidig med E39 i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Åsen - Helleskaret: Er i rute - manglar pengar

No må Os kommune drøfta spleiselag med grunneigarane éin gong til.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fylkesvegen frå komande E39 og Lyseparken til Åsen og Lyseklostervegen er for lengst ferdig, men siste stykket, frå Åsen til Helleskaret, ved kryss mot Drange, står igjen.

Vegen var i utgangspunktet del av E39 Svegatjørn-Rådal, men blei tatt ut av prosjektet for å få prisen ned og prosjektet gjennom i Stortinget. Målet er framleis å få siste del av fylkesvegen ferdigstilt samtidig som E39, i 2022.

I juni 2016 godkjente fylkestinget finansieringsløysing med spleiselag på 61 millionar kroner inkludert mva, men i juni 2017 blei opsjonen med Veidekke kansellert. Ny pris var «vesentleg høgare».

Os kommune bestemte seg for å laga områdeplan. I dag sa eit samrøystes plan- og bygningsutval ja til å legga planen ut på høyring.

Utfordringa er at vegen ikkje er fullfinansiert.

Frå 2 til 6 avkøyrslar

I dag er berre rundt 150 meter av Åsen-Helleskaret ferdig. I ny områdeplan er det mindre behov for fyllmasser.

– Den gir også enklare bruk av områda langs vegen, med 6 avkøyrslar, mot tidlegare 2.

Det er fleire næringsområde langs vegen, og komande bustadareal til 1000 til 2000 hus.

• Fartsgrensa er ikkje lenger venta å bli 80 km/t, men 60 km/t.

• Arkeologar ved Hordaland fylkeskommune har vurdert området. Det er ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller nyare tids kulturminne i området.

• Grunna forventa trafikkmengd er alle kryssa utforma med venstresvingefelt.

Sjå områdeplanen med tilhøyrande dokument på oskommune.no.

Nytt spleiselag?

Målet no er å få vegen ferdig regulert til årsskiftet 2019-2020. Då må finansieringsplan vera klar, og bli godkjent, i møte i fylkestinget i juli i år.

– Derfor har vi kalla 14 grunneigarar og interessentar i området til drøfting 14. mars, sa rådmann Christian F. Fotland i dagens møte.

Opprinneleg har fylkeskommunen vedtatt å bidra med 17 millionar kroner, Os kommune med 34 millionar kroner.

– Dette er ikkje nok. Når vi har meir presise kalkylar på kva vegen vil kosta, skal vi legga desse fram for formannskapet.

Os kommune skulle legga ut for 2/3 av kostnaden, mens tiltakshavarar seinare skulle inn med 40.000 kroner per bustadeining dei får rammeløyve på, ein sum som med åra (2000 x 40.000 = 80 millionar) kan gjera at Os kommune får tilbake meir enn dei har lagt ut på ein ny fylkesveg.

– Med spleiselag har Os kommune avansert i køen, opprinneleg låg ikkje denne fylkesvegen i planane før etter 2035. Men det er mogleg at 40.000 per eining blir for lite, seier Fotland, spent på neste møte med grunneigarane.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn - Rådal

Fleire saker