Askeladden opnar stor utstilling i Askvik

Permanent «båtmesse»: – Endeleg får vi vist alle modellane våre året rundt, seier Jonathan Dyrstad.

Jonathan Dyrstad er nøgd med no å få visa alle dei 15 Askeladden-modellane utstilte under tak i gamlefabrikken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. apr. 2018 10:02

Bildeserie:

Den første plastbåten frå Askeladden saman med dagens flaggskip. (Foto: KVB)
Laurdag er det opningsfest. (Foto: KVB)
Den første plastbåten frå Askeladden saman med dagens flaggskip. (Foto: KVB)
Laurdag er det opningsfest. (Foto: KVB)
1 av 2
Laurdag er det opningsfest. (Foto: KVB)
Den første plastbåten frå Askeladden saman med dagens flaggskip. (Foto: KVB)

År etter år har Askeladden Boats gjort seg flid med å bygga praktisk og innbydande stand på ulike messer i Norden. Det skal dei halda fram med, sjølv om dei no får ei like fin utstilling på heimebane.

– Uansett kor fine brosjyrar og heimesider du har så ønskjer kundane naturlegvis å sjå båtane. Vi har utvida til tre brygger, og har stort sett dei fleste modellane klare til prøvekøyring, men det har òg sin verdi å sjå båtane på land, under tak, seier Jonathan Dyrstad.

Nytt liv i gamlefabrikken

Etter finanskrisa i 2008 blei det omstart og utanlandsflytting av Askeladden-produksjonen. Administrasjonen blei verande i fabrikklokalet, som no er eigd av Mons Tore Lyssand, men i 2013 blei det meste flytta ned der alt starta i 1911, ved butikken og verkstaden ved sjøen.

– Vi har delvis blitt verande her oppe, men mottak, lagring og vinterlagring både utandørs og inne.

– Men no har vi leigd endå ein del av fabrikken, og eg har saman med fleire kollegaer jobba dugnad på kveldstid og i helger for å rigga utstillinga.

– Det har kosta, både i kroner og innsats, men det er heldigvis ikkje noko som skal riggast ned igjen etter fire dagar, slik det er på messene.

– Også båtane kostar, er det ei stor investering å ha 15 båtar ståande på denne måten?

– Det er store verdiar, men det er ei salsutstilling. Derfor står båtane på hjul. Det skal vera lett å trilla dei ut for levering til kunde. Vi får dessutan nye modellar frå år til år, så utstillinga vil endra seg noko. Men vi ønskjer heile tida å ha alle aktuelle modellar utstilte.

Tidlegare var det montering og samansetjing i den 750 kvadratmeter store hallen. No er den rydda og fylt med alle årets 15 Askeladden-modellar - og den første plastbåten Askeladden-grûndarane lagde; «Jonny».

• Les òg: Rørt til tårer over duften av spon (Oselvar og Askeladden saman på messe i Oslo)

Opningsfest - men inga fast opningstid

Laurdag blir utstillinga opna. Askeladden inviterer til fest for heile familien, med hoppeslott og lett servering.

– Korleis skal utstillinga brukast?

– Det blir ikkje faste opningstider, men vi kjem til å annonsera enkelte dagar vi har ope her.

– Samtidig vil utstillinga bli brukt i det daglege. Vegen er kort frå kaien og opp til gamlefabrikken og utstillinga, så vi vil ta kundar med opp her for å sjå.

Lokalet får òg ein praktisk funksjon, no blir klargjering av båtar tatt ved mottak og det blir mindre kamp om plassen nede ved sjøen.

– Det er travle tider vi no går inn i, så då blir den nye organiseringa og utstillinga viktige verktøy for både sal og effektiv kundebetjening, seier Jonathan Dyrstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.